Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Stockholm
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2018
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltek på møter i Nordisk ministerråd i Stockholm måndag 14. mai og tysdag 15. mai.
Dei nordiske næringsministrane møtast for, mellom anna, å diskutere digitalisering, kunstig intelligens, turisme, grøn transport og næringsverksemd i Norden. Aktørar frå IT-bransjen samt nordiske og baltiske ministrar med ansvar for digitalisering deltek på middagen måndag kveld. Presse som ønsker kontakt med Røe Isaksen i samband med besøket i Sverige, må ta direkte kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Camilla Pettersen (cpe@nfd.dep.no, 95 10 50 64)
Program:
Måndag 14. mai
Klokken 18:00-21:00 Middag med dei nordiske nærings- og digitaliseringsministrane. Aktørar frå IT-bransjen deltek.
Stad: Telias nye kontorer ved Mall of Scandinavia, Stockholm
Tysdag 15. mai
Klokken 09:30 – 12:00 Møte med dei nordiske næringssministrane. Tema er digitalisering, kunstig intelligens, turisme, grøn transport og næringsverksemd i Norden
Stad: Rotunden, Rosenbad 4, Stockholm.