Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren og distrikts- og digitaliseringsministeren besøker Møre og Romsdal

Samferdselsminister Knut Arild Hareide og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøker Møre og Romsdal tysdag 4. februar i samband med ferje-saka. Pressa er velkommen til å dekke reisa.

Program tysdag 4. februar:              

1000: Ferjeavgang frå Hollingsholmen til Aukra. Aukra kommune tilbyr skyss med buss frå kaia. Media er velkomne til å bli med.

1030: Besøk hos fiskeribedrifta Vikenco AS. Stad: Rindarøyvegen 383 6480 Aukra. Pressa er velkommen til å delta.

1115: Besøk hos privatpersonar som saka vedkjem. Statsrådane tek seg tid til pressa etter møtet.

1230: Ferjeavgang frå Aukra til Hollingsholmen.

1310: Lunsj Molde Rådhus, med ordførar Torgeir Dahl. Pressa kan få kommentarar etter møtet.

1430: Møte i Fylkeshuset i Molde med blant anna fylkesordførar Tove Lise Torve. Møte er lukka, men pressa er velkommen til å delta på slutten av møtet for ei oppsummering.

1530: Tid til intervju med pressa.

Pressekontaktar:

For samferdselsministeren: Susanne Moen Stephansen, kommunikasjonssjef, tlf. 480 32 792.

For distrikts- og digitaliseringsministeren: Ingvild Sahl, seniorrådgivar i kommunikasjonseininga, Tlf. 958 70 541.