Ny stortingsmelding om skolen

Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen legg måndag 20. mars fram tiltaka som kjem i stortingsmeldinga "Lærelyst – Tidleg innsats og kvalitet i skolen".

Nett-tv Pressekonferanse: Ny stortingsmelding om skolen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Det vil bli høve til å intervjue statsministeren og kunnskapsministeren, og det vil vere elevar og lærarar til stades.

Tid: Måndag 20. mars kl. 0945-1045

Stad: Lakkegata skole, Lakkegata 79, 0652 Oslo.

Program:

0945-0955: Elevane på Lakkegata skole er samla i skolegarden for å ønske statsministeren og kunnskapsministeren velkommen. Elevar frå 2. klasse viser fram det dei har jobba med den siste veka.

0955-1015: Pressekonferanse om tiltaka i stortingsmeldinga "Lærelyst – Tidleg innsats og kvalitet i skolen".

1015-1035: Besøk i klasserom for å møte elevar på 1. og 2. trinn som har leseopplæring.

1035-1045: Separate intervju med pressa.

Kontaktperson for statsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, tlf. 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no

Kontaktperson for kunnskapsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Anbjørg Bakken, tlf. 990 09 260, e‑post anb@kd.dep.no