Pressekonferanse om forbod mot ansiktsdekkande plagg

Fredag 23. mars legg ministrane Jan Tore Sanner, Iselin Nybø og Siv Jensen fram lovforslag om eit nasjonalt forbod mot ansiktsdekkande plagg i barnehagar og utdanningsstadar.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H), forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og finansminister Siv Jensen (FrP) vil vere til stades.

Det blir høve til å intervjue ministrane. 

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, OSLO

Tid: Fredag 23. mars klokka 12.00 – 13.00. 

Pressekonferansen blir strøymd. 

Nett-tv Pressekonferanse om forbod mot ansiktsdekkande plagg

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kontakt:

Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Hong Pham.
E-post hong.pham@kd.dep.no eller telefon 911 35 990.

Til toppen