Presseinvitasjon

Pressekonferanse om koronasituasjonen 8. september

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Invitasjon til pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 8. september kl. 14.00 med helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold. OBS: Legg merke til ny informasjon om oppmøte og ID.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen 8. september

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Nett-tv Arabisk – شاهد المؤتمر الصحفي باللغة العربية

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

معلومات عن فیروس کورونا بلغات أخری

Nett-tv Dari - کنفراس مطبوعاتی را با ترجمه زبان فارسی دری در اینجا تماشا کنید

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

معلومات در مورد ویروس کرونا به زبانهای دیگر

Nett-tv English - Watch the press conference

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Corona information in other languages

Nett-tv Polsk – Obejrzyj konferencję prasową po polsku

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Informacje na temat koronawirusa w innych językach

Nett-tv Russisk – Смотрите пресс-конференцию правительства с переводом на русский язык

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Информация о коронавирусе на других языках

Nett-tv Somali – Daawo shirkii jaraa'id ee dawlada oo loo turjumay Afsoomaali

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Warbixinta koroonaha oo luuqado kale ku qoran

Nett-tv Tigrinja – ናብ ትግርኛ ዝተቶርጎመ ጋዜጣዊ መግለጺ

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

ሓበሬታታት ኮሮና ብካልኦት ቋንቋታት

Nett-tv Tyrkisk - Basın toplantısını buradan izleyin

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Diğer dillerde korona ile ilgili bilgiler

Nett-tv Urdu – اردو میں پریس کانفرنس دیکھیں

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

یگر زبانوں میں کورونا کے بارے میں معلومات<

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18. 

Oppmøtetid: Oppmøte for presse seinast kl. 13:30 onsdag 8. september. Ta med gyldig pressekort og gyldig ID.

Gyldig ID er norsk pass, utanlandsk pass, norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk), europeisk identitetskort (Identity card), norsk nasjonalt ID-kort, Forsvarsdepartementet sitt identitetskort (FD-ID), tenestebevis med bilete som er skrive ut av norske offentlege verksemder for identifikasjonsformål. Presse utan gyldig pressekort og ID må følge pressekonferansen elektronisk.

For å unngå kø i resepsjonen bør presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Ein må berekne ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr.

Presse som ikkje har høve til å møte, eller som ikkje ønsker å komme på grunn av smittefare, kan sende spørsmål til info@hod.dep.no. Skriv "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere sende innan kl 14.15 onsdag. Avsendaradressa må vere registrert hos eit mediehus, eller ein må oppgi frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i pressekonferansen. 

Pressekontaktar:
For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, 913 95 608.

Om sendinga
Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant.

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ynskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing
Fleire omfattande tiltak er innførte for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Viss oppmøtet er større enn den reduserte kapasiteten til lokalet, kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.

Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern.