Rause stipend til skogfagstudentar

I samarbeid med Skoglauget delte landbruks- og matminister Jon Georg Dale i dag ut 350.000,- kroner i stipend til sju skogfagstudentar frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

- Skognæringa er ei viktig næring for Noreg både historisk og i tida som kjem. Masterstipenda bidreg til å rekruttere studentar til skogfagstudie, og dermed sikre riktig og god kompetanse som skognæringa har bruk for i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Stipenda deles ut av Skoglauget som er ei forening som består av ulike bedrifter og aktørar frå skognæringa i Noreg. Skog- og trenæringa er ei verdikjede med aukande betyding for ei bærekraftig og klimavennleg framtid. Verdikjeda har føresetnad for å auke i omfang, men er avhengig av kompetente aktørar i hele kjeda.

Vinnerne sammen med landbruks- og matminister Jon Georg Dale under dagens stipendutdeling.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale delte i dag ut sju stipend på 50.000,- kroner til studentar frå skogfagstudiet ved NMBU. Dei har alle utmerkt seg ved å levere masteroppgåver av særs høg kvalitet. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Godt kvalifiserte studentar

Masterstipendet er på 50.000,- kroner til kvar av dei seks kåra studentane. Stipendet deles ut til den beste halvdelen av kullet ved fullført mastergrad i skogfag. Dei aktuelle kandidatane blir valde ut frå gjennomsnittkarakteren frå masteroppgåva og alle emna som er inkludert i mastergraden. Føresetnaden for å få stipend er at studentane har fullført på normert tid. 

Dei seks masterstipenda for 2016 gjekk til: 

  • Halldis Linde Lie
  • Lars Halvor Bjørbæk
  • Bente Husby
  • Andreas Furnes Fjærli
  • Martin Bråthen
  • Henrik Tvengsberg 

Beste masteroppgåve i år

I tillegg til masterstipenda, blei det og delt ut eit stipend på ytterlegare 50.000,- kroner til beste masteroppgåve. For 2016 gjekk dette stipendet til Simen Løken for oppgåva "Effekt av markberedning, næringsstatus og kortdagsbehandling ved planting av gran". 

Simen Løken frå Trysil som i dag vann 50.000,- kroner for beste masteroppgåve i skogfag 2016, har nyleg starta i arbeide som rådgjevar for skog og vilt i komunane Eidsberg og Trøgstad. Han kjem opprinneleg frå gard med skog i Trysil.
Simen Løken som i dag vann 50.000,- kroner for beste masteroppgåve i skogfag 2016, har nyleg starta i arbeide som rådgjevar for skog og vilt i komunane Eidsberg og Trøgstad. Han kjem opprinneleg frå gard med skog i Trysil. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Halldis Linde Lie frå Kristansand S
Halldis Linde Lie frå Kristansand Foto: Landbruks- og matdepartementet
Lars Halvor Bjørbæk frå Skien
Lars Halvor Bjørbæk frå Skien Foto: Landbruks- og matdepartementet
Bente Husby frå Skaun
Bente Husby frå Skaun Foto: Landbruks- og matdepartementet
Martin Bråthen frå Setskog.
Martin Bråthen frå Setskog. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Henrik Tvengsberg frå Grue Finnskog
Henrik Tvengsberg frå Grue Finnskog Foto: Landbruks- og matdepartementet
Andreas Furnes Fjærli frå Valsøyfjord.
Andreas Furnes Fjærli frå Valsøyfjord. Foto: Landbruks- og matdepartementet