Regjeringa deler ut 20 millionar kroner til betre praksis i lærarutdanningane

Nord universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Østfold får om lag fem millionar kroner kvar for å styrke kvaliteten på praksis i lærarutdanningane.

– Praksis er ein viktig del av lærarutdanningane og skal førebu lærarstudentane på kvardagen i barnehage og i klasserom. Vi veit at det er for store variasjonar i kvaliteten på praksistilbodet, og med denne ordninga ønsker regjeringa å styrke kvaliteten slik at alle studentar får eit lærerikt praksisopphald. Målet må også vere at dei gode erfaringane frå prosjekta blir delte på tvers av lærarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Alle lærarutdanningar samarbeider med skular og barnehagar om å tilby praksis. Kvart år støttar regjeringa slikt samarbeid med 65,8 millionar kroner. Det er stort potensial for systematisk utvikling av samarbeidet  og av måtar å arbeide med praksis i utdanningane. I strategien Lærarutdanning 2025 er styrkt kvalitetsutvikling av praksis eitt av innsatsområda. Derfor vart det oppretta ei eiga støtteordning for nyskapande former for praksissamarbeid og praksisrettleiing i 2020 gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

– No er dei første tildelingane klare. Alle prosjekt skal føre til forskingsbasert kunnskap om nye måtar å organisere praksissamarbeid og praksisrettleiing på. Resultata frå prosjekta skal gjerast ope tilgjengeleg og skal fritt kunna delast, gjenbrukast og bli vidareutvikla av andre lærarutdanningar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning kunne, i samarbeid med skular, barnehagar, skule- og barnehageeigarar, kulturskular og bedrifter, søke om inntil 5 millionar kroner per prosjekt og med ei varigheit på inntil 3 år.

Desse prosjekta får støtte:

Søkarinstitusjon

Prosjekttittel

Beløp

Nord Universitet, Levanger

MoVeM: Multimodal Veiledning i Musikklærerutdanning

4 831 000

NTNU, Trondheim

Praksisforankrede norskfaglige masteroppgaver (PRANO)

5 000 000

Høgskulen på Vestlandet, Stord

Rehearsing Teaching Professionally in Teacher Education (RetProTE) – Building Purposeful Teaching Repertoires to Bridge Theory and Practice in Teacher Education

5 000 000

Høgskolen i Østfold

Kunnskapsmegling i likeverdige partnerskap og profesjonsfellesskap

4 907 091