Historisk arkiv

Regjeringa inviterer til ungdommens klimatoppmøte i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa inviterer unge til samtale med politikarar for å be om innspel til nye løysingar og idear for klimapolitikk.

Det første møtet finn stad  i Oslo. Det vil bli arrangert liknande møte i Tromsø, Trondheim og Kristiansand.

På møtet deltek klima- og miljøminister Ola Elvestuen, kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP).

Stad:     Elvebakken videregående skole, Vestre Elvebakke 3, 0182 Oslo.

Tid:        30.april kl.16.00-18.00

Program:

Statsråd Ola Elvestuen ønsker velkommen til møtet.

Diskusjon rundt borda(70 min.) om følgande spørsmål:

  • Lavutsleppssamfunnet: Korleis ser framtidas lavutsleppssamfunn ut?
  • Grøn omstilling: Kva utfordringar og moglegheiter er det i overgangen til eit berekraftig samfunn?
  • Framtidas yrkesliv: Korleis skal vi få fleire til å interessere seg for å forske på nye teknologiske løysingar på klimautfordringane?
  • Mitt nærmiljø: Kva kan ein gjere i nærmiljøet sitt for å kutte klimagassutslepp? Og kva vil du sjølv gjere for å bidra til mindre klimagassutslepp?
  • Demokrati og medverknad: Korleis kan barn og unge få betre moglegheit til å påverke framtidas klimapolitikk?
  • Kunnskap og utdanning: Korleis kan skolen gi betre opplæring om klima og berekraftig utvikling?

Oppsummering og avslutning ved statsråd Jan Tore Sanner.

Det blir høve til intervju med politikarane og ungdommane etter møtet.

Kontaktpersonar:

For kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner:

Kommunikasjonsrådgivar i KD, Ajfer Husejin Ajfer.Husejin@kd.dep.no eller

tlf 95936485

For klima-og miljøminister Ola Elvestuen:

Kommunikasjosrådgivar i KLD, Jo Randen , jo.randen@kld.dep.no  eller tlf 911 69 463

For utviklingsminister Dag-Inge Ulstein:

Kommunikasjonsrådgivar i UD, Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no

eller tlf 922 19 769