Regjeringa vil sikre kommersiell allmennkringkastar utanfor Oslo

Kulturminister Linda Hofstad Helleland legg i dag fram stortingsmeldinga "Kommersiell allmennkringkasting". I meldinga legg regjeringa opp til kompensasjon til éin aktør som skal videreføre kommersiell allmennkringkasting på kort sikt.

Meld. St. 14 (2016–2017) Kommersiell allmennkringkasting

Stortingsmeldinga konkluderer med at det er usikkert om marknaden på eigenhand vil oppfylle dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting. Regjeringa vil difor gi kompensasjon til éin aktør, med tilhald utanfor Oslo. Etter at Stortinget har behandla meldinga vil departementet så snart som råd kunngjere ein avtale med varigheit på 5 år.

- Regjeringa er opptatt av å sikre eit mangfald av media. Vi treng ein levedyktig kommersiell allmennkringkastar som kan vere ein reell konkurrent til NRK. Det er også viktig for mediemangfaldet at vi har ein kanal med hovudsete utanfor Oslo, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa vil gi kompensasjon på inntil 15 millionar euro (ca. 135 millionar NOK) til éin aktør. Støtta vil bli tildelt etter ei open kunngjering. Det vil mellom anna bli stilt krav om daglege nyheitssendingar, tilbod for barn og unge og formidling av norsk film- og tv-drama. Programma skal formidlast både lineært og ikkje-lineært.   

- Staten har aktivt lagt til rette for kommersiell allmennkringkasting i snart 25 år, med varierande motytingar. Dagens mediemarknad krev ei modernisering av dei statlege verkemidla.  Det gjer at det er naudsynt med offentleg støtte for å vidareføre kommersiell allmennkringkasting på tv på kort sikt. Utan offentleg støtte no er det ein reell risiko for eit svekka mediemangfald, seier kulturminister Linda Hoftstad Helleland.

Tiltaket for å sikre kommersiell allmennkringkasting er eit mellombels tiltak. Når NOUen frå Mediemangfaldsutvalet har vore på høyring, vil regjeringa gje Stortinget ei samla vurdering av heile det mediepolitiske verkemiddelapparatet.