Historisk arkiv

Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Trygdedrøftingane, som blei utsette som følgje av koronapandemien, er gjennomførte. Grunnbeløpet i folketrygda aukar med 1,5 prosent frå 99 858 kroner til 101 351 frå 1. mai 2020. Til grunn for reguleringa ligg ein lønsvekst på 1,7 prosent, det same som i lønnsoppgjeret i frontfaget.

Trygdedrøftingane er gjennomførte etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne.

– Pensjonane følgjer lønnsutviklinga i samfunnet i gode og mindre gode tider. I ei utfordrande tid, kor ein viser moderasjon i lønnsoppgjeret, vil også pensjonistane bli påverka. Pensjonistane får ein årleg auke i pensjonane på 1,2 prosent, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kven får kva?

Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som er regulerte gjennom grunnbeløpet får ein inntektsauke på 1,50 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 2,01 prosent.

Alderspensjon under utbetaling  får ein auke i pensjonen på 0,74 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 1,2 prosent. 

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 0,92 prosent. Etter auken utgjer satsane følgjande: 

  • Låg sats (ektefelle/sambuar har pensjon) aukar frå 157 171 kroner til 158 621 kroner.
  • Ordinær sats (ektefelle/sambuar har uføretrygd eller inntekt over 2 G) aukar frå 181 908 kroner til 183 587 kroner.
  • Høg sats (pensjonist med ektefelle/sambuar som har inntekt under 2 G) aukar frå 191 422 kroner til 193 188 kroner.
  • Særskilt sats (einsleg) aukar frå 202 818 kroner til 204 690 kroner.
  • Særskilt sats (ektepar, forsørgjar ektefelle/sambuar over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 297 955 kroner til 300 704 kroner.

  • Ordinær sats: 231 080 kroner (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 269 594 kroner (2,66 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Høg sats: 251 350 kroner (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 294 931 kroner (2,91 G, einsleg uføretrygda)

Regelverket

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Alderspensjon under utbetaling skal først regulerast med den same lønnsauken, og deretter blir det fråtrekt 0,75 prosent.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar blir regulerte med den same lønsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret.

Nytt grunnbeløp og reguleringssatsar blir formelt fastsett ved kongeleg resolusjon 4. september 2020.