Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien "Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA. Det er regjeringas strategi for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa. Den skal og stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar.

– Alle nærings- og samfunnssektorar må bidra til grøn omstilling i norsk næringsliv og nye grøne arbeidsplassar. Omstillinga skal leggje grunnlaget for eit bere­kraftig velferdssamfunn. Eg vil at skog- og trenæringa skal spele ei sentral rolle i ei slik utvikling, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Visar retning

Strategidokumentet skal vise retning for å mobilisere skog- og trenæringa til auka for­skings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra til at grøne, trebaserte produkt blir eit førsteval der det er mogleg og føremålstenleg. Strategidokumentet er utarbeidd av Landbruks-og matdepartementet, etter kontakt med Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeri­departementet, Olje- og energidepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Samferdselsde­partementet og Finansdepartementet. Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg, forskingsmiljø og næringsaktørar har bidrege med innspel til arbeidet.

Moelven Industrier ASA er et skandinavisk industrikonsern som produserer byggevarer og systemer for byggebransjen, blant annet limtrekonstruksjoner.
Moelven Industrier ASA er et skandinavisk industrikonsern som produserer byggevarer og systemer for byggebransjen, blant annet limtrekonstruksjoner. Foto: Landbrus- og matdepartementet

Styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring

Både med tanke på auka FoU- og innovasjons­aktivitet og for å stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt, er styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring heilt sentralt. I den vidare oppfølginga av strategien blir det derfor lagt særleg vekt på tiltak som støtter opp under dette.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dia­log mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale ver­kemiddelaktørar. I tillegg vil ulike interesse­grupper (t.d. byggherrar, arkitektar, rådgivande ingeniørar) bli inviterte til å delta. Formålet med forumet er å bidra til tettare koplingar i og mellom aktørar i heile verdikjeda frå skog til marknad, og betre dialog mellom næringa og kunnskapsmiljøa.

– Regjeringa kan leggje til rette for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra med langsiktige, føreseielege og stabile rammevilkår. Skog- og trenæringa må sjølv utnytte moglegheitene, seier landbruks- og matminister Bollestad.

Skog- og trenæringa - ein drivar for grøn omstilling.
Til toppen