Historisk arkiv

Skogdag med Jon Georg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tysdag denne veka var landbruks- og matminister Jon Georg Dale Skogminister med stor S. Åstaden var Namsos. Skog-statsråden starta dagen med å åpne ny tømmerkai, og endte opp der det heile startar; med frøet og den vesle granplanta.

Opplegg og regi for kai-åpninga var ved Helge Kårstad frå  Kystskogbruket. Og den karen lét ikkje eit høve til å lage festivitas for Skogsaka gå frå seg. Mykje gildt folk var samla då Jon Georg ankom kaia pr. tømmervogntog, korrekt oppdressa i fullt verneutstyr. – Og klar til å starte motorsaga og markere kaia for offisielt åpna ved å kappe over ein solid tømmerstokk. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale åpner tømmerkai med motorsag.

Den nye tømmerkaia i Namsos er ei av mange langsmed kysten som er teke i bruk dei seinare åra.

– Det er viktig at vi byggjer slike knutepunkt for inn- og uttransport av trevirke. Målet mitt er at vi i løpet av 2020 skal vere ferdig med utbygging av slike hamner langs heile kysten. Det vil vere med å sikre aktivitet, lønsemd og framtida for skogbruket, og dermed næringsverksemd i distrikts-Noreg, sa Jon Georg Dale. 

Vi må hogge meir. Og vi må plante meir

Dale viste til den heilt ferske regjeringsplattforma, som vidarefører ein aktiv skogpolitikk, m.a. ved å byggje skogsvegar og tømmerkaier.

– Dei neste 10-15 åra skal Noreg oppfylle klimamåla i Paris-avtalen. For meg er det grunnleggjande galt å verne skogen for å nå desse måla. Vi må nytte skogen som den glimrande reiskapen han er i klima-arbeidet. Vi må hogge meir. Og vi må plante meir, sa Dale, som ikkje såg dette i motsetnad til å ta vare på miljø- og verneinteresser i skogane våre. 

Moelven Van Severen

Etter ei økt inne med kulturelt, fagleg og kulinarisk påfyll, gjekk turen vidare for Jon Georg til Moelven Van Severen, eit av dei største sagbruka i Noreg.  Her vart den understreka at den  nye tømmerkaia, som er nabo til denne verksemda, er med å sikre tilgang på råstoff til ein rimelegare penge. 

Driftsjef Mathias Melhus og Jon Georg Dale
Driftsjef Mathias Melhus ga Skogministeren innføring i mange finessar ved drift av eit moderne sagbruk og høvleri.
Driftsjef Mathias Melhus og Skogministeren

Statskog med skogplanterekord

Statskog sitt hovudkontor var neste stopp på programmet. Der fekk dei tilsette møte sin eigar og generalforsamling, som er landbruks- og matministeren. 

Statskog er landets største skogeigar med om lag 4,6 millioner dekar produktiv skog. Ulike verne- og miljøomsyn gjer at det berre er 2 millioner dekar som blir dreve aktivt. Nettopp grenseflata aktivt skogbruk/vern var eitt av tema som var oppe. Arronderingssal og fjellova i Nordland og Troms var andre tema som Statskog-folket fekk lufte med eigaren sin. 

Besøk hos Statskog.

– Dei som har kjøpt skog av Statskog er i all hovudsak lokale skogeigarar. Arronderingssalet bidreg derfor til å styrke eit aktivt skogbruk i privat regi, sa Dale. 

Statskog er godt i rute med å oppfylle sin del av skogen som framtidsnæring. Dei kunne leggje fram ferske tal for statsråden som synte at 2017 vart eit rekordår for skogplanting i deira regi. Det vart sett ut 2,1 millioner planter. 

Det byrjar med eit lite frø

Trøndelag Skogselskap sin skogplanteskole på Kvatninga var siste stopp for Jon Georg denne dagen. Etter nokre heller labre år, har planteaktiviteten i skog-Noreg tatt seg bra opp dei siste 10 åra. Frå 20 millioner planter i heile landet til nå 40 millioner planter. Samstundes har planteproduksjonen blitt meir effektiv; talet på skogplanteskoler har gått ned fra 27 i 2000 til 10 stk i dag. 

På Kvatninga er det siste året investert ca 30 millioner i nye bygg og anlegg. Dette vil doble produksjonen ved dette anlegget til ca 10 millioner planter per år. 

Ved sidan av produksjon av skogsplanter er det også planteforedling på Kvatninga. Det norske Skogfrøverk skal etablere tre foredlingssenter i Noreg, og det første av desse er i gang på Kvatninga. Betre og meir effektive planter er målet med verksemda.

                                                                                                      St.Nor.

Med skogplantene i sentrum.
Med skogplantene i sentrum.
 Produksjon av skogplanter er høgteknologi.
Produksjon av skogplanter er høgteknologi. Foto: Landbruks- og matdepartementet


Og heilt til sist:

Jon Georg Dale og Eivind Kvam i Namdalsavisa.
Det er alltid tid til å stikke innom ein Tottenham-supporter; her ein hjarteleg treff med Eivind Kvam i Namdalsavisa. Alle foto: Landbruks- og matdepartementet