Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2006:Jernbaneføremål: Nær 6 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 118/05
Dato: 14.10.05

Statsbudsjettet 2006:

Jernbaneføremål: Nær 6 milliardar kroner

For 2006 er det gjort framlegg om å løyve i alt 6 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på om lag 3,6 prosent, når ein tar omsyn til budsjettekniske endringar som har samanheng med at budsjettet for 2005 også omfatta eingongsutgifter i samband med at BaneService vart utskild frå Jernbaneverket og omdanna til eit statleg aksjeselskap.

Til saman om lag 4,4 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar som gjeld linenettet til jernbanen. Dette beløpet er om lag 3 prosent høgare enn det som er løyvd for 2005.

Innanfor løyvingane til investeringar er det sett av midlar til utbygging av dei nye prosjekta Lysaker stasjon, nytt dobbeltspor Sandnes – Stavanger, Brattøra godsterminal i Trondheim og nytt dobbeltspor Kolbotn – Ski på Østfoldbanen, medrekna utbygging av Ski stasjon. Forslaget til investeringsbudsjett omfattar elles mellom anna 510 millionar kroner som skal brukast til utbygging av ny togradio av typen GSM-R.

Løyvingane til jernbaneføremål omfattar 1 577 millionar kroner i statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette er ein auke på 75 millionar kroner frå 2005.

Det også sett av 31,7 millionar kroner til drift av Statens jernbanetilsyn, som ein del av løyvingane til jernbaneføremål.

Auka konkurranse

Regjeringa legg opp til å vidareføre arbeidet med effektivisering i Jernbaneverket, mellom anna gjennom konkurranse om vedlikehaldsoppgåver på jernbanenettet. Det blir også lagt opp til å førebu nye konkurransar om drifta av persontransport med tog. Bergensbanen og Sørlandsbanen vil bli vurdert som dei neste strekningane som skal konkurranseutsetjast. Formålet med konkurranseutsettinga er at staten skal få meir igjen for dei midlane som blir nytta til jernbaneføremål.

Drift og vedlikehald av jernbanenettet: 2,9 milliardar kroner

Regjeringa gjer framlegg om at det skal løyvast til saman 2 895 millionar kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet. Dette er ein auke på 122 millionar kroner eller 4,4 prosent, samanlikna med 2005. Auken i løyvingane til drift og vedlikehald er med på å leggje til rette for at togtrafikken skal bli enda meir stabil og punktleg.

Innanfor budsjettet for vedlikehald vil det mellom anna bli brukt midlar til vidare arbeid med utbetring av Lieråsen tunnel på Drammensbanen og prosjektering av ny Rolvsøysund bru på Østfoldbanen. Midlar som er avsette til vedlikehald på budsjettet for vedlikehald vil dessutan bli brukt til å starte arbeidet med opprusting av Meråkerbanen, eit arbeid som omfattar mellom anna utskifting av skinner og sviller. Midlane vil dessutan bli nytta til arbeid i samband med oppretting av ny trafikkstyringssentral i Trondheim, arbeid med snøoverbygg, fjellsikring og fornying av anlegg for kontaktledning og signal- og sikringssystem, i tillegg til ei rekkje andre vedlikehaldsoppgåver på heile banenettet.

Statleg kjøp av persontransporttenester med tog: Nær 1,6 milliardar kroner

1 577 millionar kroner er ført opp til statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette er ein auke på 75 millionar kroner eller 5 prosent frå 2005.

Ordninga omfattar nærtrafikken med tog rundt Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger og Intercity-trafikken på Austlandet, i tillegg til region- og lokaltog og nattog.

Samferdselsdepartementet legg for 2006 opp til om lag same rutetilbod som i 2005.

NSB Anbud AS skal stå for drifta på Gjøvikbanen frå andre halvår 2006, medan NSB AS vil ta hand om resten av tilbodet innanfor ordninga med statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Av beløpet på 1577 millionar kroner er 1 510 sett av til NSB AS, medan om lag 67 millionar kroner er sett av til kjøp av persontransport med tog på Gjøvikbanen.

Statens jernbanetilsyn: 31,7 millionar kroner

Til drift av Statens jernbanetilsyn er det gjort framlegg om å løyve 31,7 millionar kroner. Dette er ein auke på kroner frå 2005. Auken har samanheng med at Statens jernbanetilsyn har fått ein del nye oppgåver.

Investeringar på linenettet: Fordeling av nær 1,4 milliardar kroner

Regjeringa foreslår i alt 1 335 millionar kroner til investeringar i linenettet. Beløpet skal nyttast slik:

  • 510 millionar kroner går til utbygging av togradiosystem av typen GSM-R (Global System for Mobile Communications – Rail). Utbygginga av GSM-R tok til i 2003 og dette nye togradiosystemet er no ferdig utbygd og tatt i bruk på store delar av jernbanenettet. For 2006 er det lagt opp til å byggje ut GSM-R på dei delar av hovudbanenettet der systemet enno ikkje er tatt i bruk, medan ein del sidebanar og banar med mindre trafikk vil ta i bruk systemet i 2007.
  • 72 millionar kroner er sett av til sluttfinansiering av prosjektet som omfattar nytt dobbeltspor Sandvika – Asker og ombygging av Asker stasjon. Anleggsarbeidet var ferdig sommaren 2005.
  • 140 millionar kroner skal nyttast til oppstart av prosjektet Lysaker stasjon. Prosjektet omfattar 900 meter nytt dobbeltspor, medrekna ny jernbanebru over Lysakerelva. Ny jernbane skal samordnast med ny busstasjon og med tilknyting til ein eigen bane som skal ta trafikk til og frå Fornebu. Dei konstruksjonane som er nødvendig på Lysaker for endestasjonen for den nye Fornebubanen skal etter planen gjennomførast av Jernbaneverket, på vegne av Akershus fylkeskommune, som er ansvarleg for utbygging av bane til Fornebu.
  • 150 millionar kroner er ført opp til igangsetting av prosjektet med utbygging til dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Prosjektet har ei samla kostnadsramme på vel 1500 millionar kroner. Anleggsarbeidet skal etter planen ta til hausten 2006 og vil vere ferdig i 2010.
  • Utbygginga til dobbeltspor vil føre til auka kapasitet og betre driftstabilitet og legg elles til rette for eit vesentleg betre rutetilbod for lokal- og regiontogtrafikken til og frå Stavanger.
  • 129 millionar kroner gjeld ny godsterminal på Ganddal på Jærbanen i Rogaland. Den nye terminalen vil erstatte dagens terminalar i Stavanger og Stavanger og legg mellom anna til rette for eit betre og meir effektivt tilbod for godstransport med tog. Utbygginga vil vere med på å forbetre tilgjengeleg sporkapasitet mellom Ganddal og Stavanger, ei strekning som i dag blir nytta av 8 – 10 godstog i døgnet. Den frigjorde sporkapasiteten vil leggje til rette for auka fleksibilitet i drift av persontrafikk på denne strekninga. Utbygginga av Ganddal godsterminal må dessutan sjåast i samanheng med utbygginga av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger.
  • 40 millionar kroner er sett av til ombygging av Brattøra godsterminal i Trondheim. Arbeidet skal vere ferdig i 2007 og fører mellom anna til at ein får klargjort areal som skal nyttast for å gjennomføre den vedtekne utbygginga av riksvegprosjektet Nordre avlastingsveg i Trondheim.
  • 35 millionar er ført opp for å setje i gang arbeid med utbyggingsprosjektet Kolbotn – Ski i Akershus og til arbeid med byggjeplan, kjøp av grunn og igangsetjing av arbeidet med ombygging av Ski stasjon. Etter dei planar som no ligg føre skal ombygginga av Ski stasjon, som første byggjetrinn, vere ferdig i 2008.
  • 36 millionar kroner skal nyttast tiltak for å auke kapasiteten i linenettet for både gods- og persontransport. Midlane vil i hovudsak bli brukt til utbygging av kryssingsspor på Østfoldbanen.
  • 48 millionar kroner skal nyttast til planlegging og kjøp av grunn. Beløpet omfattar mellom anna midlar til planlegging av nytt dobbeltspor Lysaker – Sandvika i Akershus, utbygging til dobbeltspor Bergen - Fløen i Hordaland og ombygging av Alnabru godsterminal i Oslo.
  • 71,5 millionar kroner er sett av til utbygging av fjernstyring og automatisk togkontroll på Nordlandsbanen mellom Grong og Bodø. Beløpet er fordelt med 28,5 millionar kroner til strekninga Grong – Mosjøen og 43 millionar kroner til strekninga Mosjøen – Bodø. Utbygginga er viktig for å auke kapasiteten og legg til rett for enda tryggare og meir punktleg trafikk på Nordlandsbanen.
  • 60,5 millionar kroner er ført opp til eit eige program som er særleg innretta mot å gjere jernbanetransporten enda tryggare. Midlane vil mellom anna bli nytta til å sikring og fjerning av planovergangar, ras- og tunnelsikring.
  • 43 millionar kroner er sett av til tiltak for å gjere stasjonar og trafikkknutepunkt betre tilgjengeleg for publikum. Som ein del av desse tiltaka vil det mellom anna bli lagt vekt på betre informasjon og service for publikum, i tillegg til arbeid som er med på å gjere publikumsområda enda tryggare og meir tilgjengeleg for alle. Arbeidet med større ombyggingstiltak skal førast vidare på stasjonane Haugenstua i Oslo, Strømmen i Akershus og Heimdal i Sør-Trøndelag.

Køyrevegsavgift for ”ordinær vognlast med jernbane” – skal fjernast

For å fremje vekst i godstrafikken med jernbane og ei utvikling der meir gods blir overført frå veg til bane gjer regjeringa framlegg om å fjerne køyrevegsavgifta for godstransport som går som vognlast med vogner med aksellast under 22,5 tonn. Endringa skal etter forslaget setjast i verk neste år. For trafikk med godstransport som går som såkalla ”kombinerte transportar” vart køyrevegsavgifta fjerna med verknad frå 1. januar 1998. Forslaget om å fjerne køyrevegsavgifta for ordinær vognlast på jernbanen vil dermed vere med på å likestille ordinær vognlast og kombitransport.

For godstrafikk med aksellast over 22,5 tonn vil det framleis vere køyrevegsavgift som skal betalast til Jernbaneverket, for bruken av banenettet. Denne typen trafikk omfattar stort sett berre godstrafikk på Ofotbanen.

Til toppen