Statsministeren og samferdselsministeren til Innlandet måndag 26. oktober

Statsminister Erna Solberg og samferdselsminister Knut Arild Hareide deltek på vegopning og besøker Nortura Rudshøgda måndag 26. oktober. Pressa er invitert til å delta, men det er krav om påmelding.

Program

Kl. 12.00: Vegopning av E6 Brumunddal – Moelv, som òg er ei opningsmarkering av heile prosjektet E6 Kolomoen – Moelv. Opninga finn stad på Rudshøgda.

Etter opninga blir statsministeren og samferdselsministeren køyrd i lastebil til Nortura.

Grunna smitteverntiltak må alle media som ønskjer å delta, melde seg på innan fredag 23. oktober kl. 16.00. For påmelding og meir informasjon om opninga, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Nye Veier, Rune Kjøs: 915 17 254 / rune.kjos@nyeveier.no

Kl. 13.00: Besøke Nortura Rudshøgda, eit av landets største slakteri. I tillegg til omvising på fabrikken, møter statsministeren og samferdselsministeren næringsaktørar frå Innlandet. Dei vil dele erfaringar om å drive med næring i Innlandet og utfordringar knytt til transport.

Grunna smitteverntiltak og avgrensa plass, må alle media som ønskjer å delta, melde seg på innan fredag 23. oktober kl. 16.00. For påmelding og meir informasjon om programmet, ta kontakt med kommunikasjonssjef i Nortura, Mari Hagerup: 920 46 088 / mari.hagerup@nortura.no

Pressekontaktar

Pressekontakt for statsministeren: Ida Dahl Nilssen: 962 37 276 / ida-dahl.nilssen@smk.dep.no

Pressekontakt for samferdselsministeren: Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no