2 000 studentbustadar frå sør til nord skal oppgraderast

Åtte studentsamskipnader har fått til saman 250 millionar kroner til å oppgradera over 2 000 studentbustadar. – Dette er ei kjempenyheit for både studentar og byggebransjen. Bustadane blir meir moderne samstundes som vi held hjula i gong over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Tilskota til oppgradering skal brukast til å bygga meir tilgjengelege og auke levetida. I tillegg skal oppgraderingstiltaka mellom anna vere ein del av arbeidet med å redusera energibruken.

– Eitt krav for å få pengar er at oppstarten for oppgraderinga skal setjast i gong raskt, i løpet av 2020. Vanlegvis tildeler vi pengar til nye studentbustadar, ikkje til oppgradering. Men no er vi avhengige av å halde hjula i gang i byggebransjen, og kva er vel betre enn at studentane vil då nyte godt av det, seier Asheim. 

Her er oversikta over prosjekta som får tilskot:

Samskipnad

Prosjektnamn

Det totale talet hybeleiningar

Totalt tilskot

Norges arktiske studentsamskipnad

Åsgård (17 millionar)

Nyland (11,9 millionar)

200

28 900 000

Studentinord

Flatvold

251

5 600 000

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim

Moholt allé 1-28

468

60 000 000

Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet

Osahaugen 16 – 20

60

16 000 000

Studentsamskipnaden i Innlandet

Fredrik M gate 21/23

235

39 000 000

Studentsamskipnaden SiO

Rolf M. Stenersens allé 8 - 14 (26 millionar),

Rolf M. Stenersens allé 2-4 (13 millionar)

Olav M. Troviksv. 60, (13 millionar)

Olav M. Troviksv. 64 (13 millionar),

Olav M. Troviksv. 66 (13 millionar)

 

368

 

78 000 000

Studentsamskipnaden i Stavanger

Starev. 1-15 u-hus (750 000)

Starev.1-15 (11 millionar)

318

11 750 000

Studentsamskipnaden i Agder

Kaserneveien 12 (3,8 millionar)

Jon Lilletunsv. 21,23 (6 millionar)

194

9 800 000

Totalt

 

2 094

249 050 000