Svar på spørsmål om kampane i Tigray, Etiopia

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva utanriksministeren vil gjere for å støtte innsatsen til FNs generalsekretær for å stanse kampane og få partane til forhandlingsbordet, og om Noreg vil ta initiativ ovanfor Storbritannia eller EU for å få dei til å ta saka opp til drøfting i FNs sikkerheitsråd.

Skriftleg spørsmål nr. 522 (2020-2021).
Datert 23.11.2020

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Kva vil utanriksministeren gjere for å støtte innsatsen til FNs generalsekretær for å stanse kampane og få partane til forhandlingsbordet, og vil Noreg, som enno ikkje har teke sete i Sikkerheitsrådet, ta initiativ ovanfor Storbritannia eller EU for å få dei til å ta saka opp til drøfting i FNs sikkerheitsråd?

Utanriksministerens svar:
Eg er djupt uroa over eskaleringa av situasjonen i Tigray i Etiopia. Befolkninga påførast store lidingar, og det er store flyktningstraumar over grensene til nabolanda. Eg har oppmoda partane til å leggje ned våpna og innleie dialog, samt oppmoda partane til å opne kommunikasjons- og transportlinjene. Eg har uttrykt klare forventningar om respekt for humanitærretten og til å verne sivile, og at humanitære aktørar må ha trygg humanitær tilgang utan hinder. 

Regjeringa beslutta 24. november å bidra med ytterlegare 27 millionar kroner i  humanitær innsats. Støtta vil gå til akutt hjelp til befolkninga i Tigray og til flyktningane som har kryssa grensa til Sudan. Hjelpa vil mellom anna gå via  Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) og andre humanitære aktørar som alt no gjer eit stort arbeid med å mobilisere hjelpetiltak langs grensa. Det er og beslutta støtte til etablering av overnattings- og kontorfasilitetar for hjelpearbeidarar i Sudan, fordi desse i dag arbeider under svært krevjande høve. 

Noreg er observatør i Tryggingsrådet fram til vi trer inn som medlem 1. januar neste år og føljer sakene på dagsorden nøye. I eit møte mellom dei noverande og innkomande valde medlemmane i rådet og FNs generalsekretær 23. november uttrykte Noregs FN-ambassadør vår sterke uro for den humanitære situasjonen i Etiopia og signaliserte støtte til å løfte situasjonen inn i Tryggingsrådet. 24. november var det hastedebatt om Etiopia i Tryggingsrådet. 

Noreg støttar også ulike regionale initiativ i regi av høvesvis Den afrikanske union (AU) og Intergovernmental Authority on Development (Igadnemne). Sør-Afrikas president Ramaphosa, noverande AU-formann, har nyleg oppnemnt tre spesialutsendingar (dei tidlegare presidentane Chissano, Johnson-Sirleaf og Motlanthe) som vil freiste å innleie dialog med partane i konflikten. Tidlegare president i Nigeria, Olesugun Obasanja vitja Addis Abeba i same ærend, med bistand frå mellom anna den norske diplomaten Jens-Petter Kjemprud. Noreg oppmodar begge sider om å ta i mot dei tre utsendingane, stoppe krigshandlingane, og finne ei fredelig løysing på situasjonen. 

Igad har gjennom sin formann, statsminister Hamdok i Sudan, ved fleire høve prøvd å overtale statsminister Abiy til å gå i dialog med tigrayane sitt parti TPLF. So langt har innsatsen ikkje lukkast. Noreg har lenge vore ein støttespelar for Igad, både politisk og økonomisk, og vi vil oppmode Igad om å oppretthalde dialogen med statsminister Abiy og fremje nye initiativ.