Historisk arkiv

Internasjonal barnehagekonferanse i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Saman med Utdanningsforbundet inviterer kunnskaps-og integreringsminister Jan Tore Sanner til konferansen The Nordic Way – a conference that explores and presents Nordic approaches to Early Childhood Education and Care policies and pedagogies.

Det er aukande merksemd internasjonalt om kor viktig det er å ha gode barnehagar. Mange land aukar investeringa i tilbod til dei minste barna. Norden er kjent for å ha eit godt og inkluderande barnehagetilbod som legg til rette for leik og læring, og som gir foreldra høve til å kombinere familie- og arbeidsliv.

Målet med konferansen er å presentere og diskutere den nordiske barnehagemodellen med eit internasjonalt publikum. Dei som kjem på konferansen er nasjonale avgjerdstakarar, forskarar og lærarorganisasjonar.

Programmet er utvikla saman med dei andre nordiske landa og lærarpedagogorganisasjonane, og er støtta av Nordisk Ministerråd.

På konferansen er det 300 deltakarar frå over 45 land. I tillegg til konferansen har deltakarane også moglegheit til å gå på studiebesøk til åtte ulike barnehagar.

Sjå program og påmelding her

Dato:                   26.-27.mars             

Stad:                   Clarion Hotel The Hub, Oslo

 

Program for kunnskaps-og integreringsminister Jan Tore Sanner:

 

 26.mars:

10.00-10.15

 

Opningstale v/statsråden

 

I tillegg til statsråden innleier Steffen Handal (Utdanningsforbundet) og generalsekretær Paula Lehtomäki (Nordisk Ministerråd)

 

27.mars:

09.50-10.20

 

Statsråden deltar i "arm-chair discussion" med den svenske ministeren Anna Ekström

27.mars:

12.00-13.00

Besøk på Haugenstien barnehage i Bydel Alna med den svenske ministeren Anna Ekström. Her skal dei sjå på korleis barnehagen jobbar systematisk med språk, inkludering og samarbeid med foreldre for å kunne lykkast i integreringsarbeidet.

 

 

Pressa er velkomen og det blir høve til intervju.  

Kontakt:
Journalistar som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet

Ajfer Husejin på mobil  95936485 eller pr. e-post på ajf@kd.dep.no

Pressekontakt for Utdanningsforbundet:

Kommunikasjonsrådgivar Vigdis Alver på mobil 91572601 eller pr. epost på : vigalv@udf.no

 

Nett-tv The Nordic Way - dag 1

Se sendingen her

Se sendingen her

 

Nett-tv The Nordic Way - dag 2

Se sendingen her

Se sendingen her