Historisk arkiv

Tina Bru møter den britiske energiministeren Kwasi Kwarteng

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Tina Bru møter måndag 28. juni den britiske ministeren for næringsliv, energi og industriell strategi, Kwasi Kwarteng.

Møtet vert halde i Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Dei to ministrane skal mellom anna drøfte energisamarbeidet mellom Noreg og Storbritannia, olje og gass, samt moglegheiter innan nye næringar som CO2-handtering og hydrogen.

I samband med møtet blir det eit felles pressetreff kl. 12.20 (oppmøte kl. 11.50).

Media som er interesserte i å dekke besøket må registrere seg i forkant. Påmelding sendast info@oed.dep.no innan fredag 25. juni kl. 16.00 juni.

 

Pressekontaktar:

Kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, tlf: 930 26 847, mail: ole.berthelsen@oed.dep.no

Kommunikasjonsrådgjevar Peder Qvale, tlf: 970 47 745, mail: peder.qvale@oed.dep.no