Historisk arkiv

Toppmøte om ekstremisme og polarisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Korleis kan barnehage, skole, høgare utdanning og forsking hjelpe til å førebygge ekstremisme og polarisering? Det er tema når kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til utdanningspolitisk toppmøte 1. september.

For andre gong arrangerer kunnskapsministeren utdanningspolitisk toppmøte der representantar frå heile Utdannings-Noreg er med. I år skal møtet handle om korleis vi kan sikre at vi har ein barnehage, skole, høgare utdanning og forsking som bygger opp under demokrati og menneskerettar og som motverkar utanforskap og radikalisering. 

− Eg kan vanskeleg tenke meg eit meir aktuelt tema. Mange kjenner på ei uro. Eg trur min generasjon er den første på fleire tiår som stiller spørsmål ved om barna våre vil vekse opp med den same tryggleiken som vi har hatt. I slike tider er det viktig å snakke om danningsoppdraget til utdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Møtet er i representasjonsbustaden til regjeringa, Villa Parafina i Riddervoldsgate 2 i Oslo, fredag 1. september frå 1300-1600. 

1245: Registrering for pressa 

1310: Opningsinnlegg ved kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

1330: Frå skolebenken til Syria, ved forfattar Åsne Seierstad. 

1350:  Samtale om ekstremisme mellom statsråd Torbjørn Røe Isaksen og

Deeyah Khan, filmskapar og UNESCO Goodwill Ambassador. 

1420: Pause. Tid til separate intervju med pressa. 

1440: Utdanning som danningsfellesskap, ved professor Helge Jordheim. 

1500: Dialog mellom innleiarane og salen.   

1555: Kort oppsummering og avslutning ved kunnskapsministeren. 

Pressefolk som vil følgje arrangementet må melde frå på førehand, og vise legitimasjon for å komme inn. Ta kontakt med kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse på e-post anhj@kd.dep.no eller telefon 992 14 610. 

Toppmøtet blir strøymd på regjeringen.no/kd

Nett-tv Toppmøte om ekstremisme og polarisering

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her