Historisk arkiv

Undersøkjer tilstanden til det norske demokratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Hendingane i USA for fjorten dagar sidan er dømer på kva som kan skje når viktige sider ved demokratiet over tid blir svekka. – Vi skal ikkje ta demokratiet vårt for gitt. Difor vil vi no undersøkje tilstanden til det norske demokratiet, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Det norske demokratiet står sterkt, og Noreg gjer det godt i internasjonale samanlikningar som målar demokratiutviklinga. Eit levande og desentralisert demokrati med tre folkevalde nivå – nasjonalt, regionalt og lokalt – er ein av grunnane til det.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har inngått avtale med ei gruppe demokratiforskarar ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Dei skal utvikle og gjennomføre ei uavhengig og brei tilstandsanalyse av det norske demokratiet.

– Demokratiet må heile tida utviklast. Vi må derfor skaffe oss god kunnskap om tilstanden til det norske demokratiet, for å sjå om vi bør gjere noko annleis, seier Astrup.

Påverknad i val, spreiing av og desinformasjon gjennom sosiale media, hatytringar, truslar mot politikarar og vedtak som ikkje følgjer normale reglar på grunn av koronapandemien, er dømer på nye utfordringar som kan påverke demokratiet vårt.

Tilstandsanalysen skal sjå på heile breidda av demokratiet. Forskarane skal mellom anna sjå på dei demokratiske institusjonane og prosessane, korleis dei har utvikla seg over tid og samanlikne med andre høgkvalitetsdemokrati som våre naboland Sverige og Danmark.

Forskingsprosjektet vil gi ny og oppdatert kunnskap om tilstanden til det norske demokratiet. I tillegg får departementet utvikla nye analyseverktøy som gjer at ein kan overvake og følgje utviklinga over tid.

Tilstandsanalysen skal vere klar siste halvdel av 2022.

Kontaktpersonar ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo:

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00