Veterinærinstituttet er nytt internasjonalt referanselaboratorium for CWD

Verdens dyrehelseorganisasjon (OIE) har utpeika Veterinærinstituttet med Dr. Sylvie Benestad som ansvarleg ekspert, til OIE referanselaboratorium for Chronic Wasting Disease (CWD), i Noreg omtalt som skrantesjuke. Veterinærinstituttet blir med dette det eine av to OIE-referanselaboratorium for denne sjukdommen i verda, og det einaste i Europa.

− Eg vil gratulere Veterinærinstituttet med denne nye funksjonen. Veterinærinstituttet har tidlegare vist at dei er blant dei fremste i verda på prionsjukdommar, mellom anna ved å vere dei første til å beskrive den atypiske varianten av skrapesjuke (NOR 98). At instituttet no er blitt referanselaboratorium for CWD viser at deira arbeid med denne sjukdommen også er av høg internasjonal kvalitet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Til toppen