Vil auke profileringa av norske grøne og berekraftige løysingar

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å styrke satsinga på profilering av norske grøne og berekraftige løysingar med ytterlegare 10 millionar kroner.

Regjeringa ønskjer å gi ekstra drahjelp til næringslivet som leverer grøne og berekraftige løysingar og har moglegheiter på den internasjonalen marknaden. Dette tiltaket skal hjelpe til med å auke norsk eksport, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Satsinga skal hjelpe til med å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Det er behov for ytterlegare 10 millionar kroner til utvikling av løysinga og innhaldsproduksjon, slik at ordninga kan bli operativ og få effekt for næringslivet i 2018. I 2018-budsjettet blei det løyvt 10 millionar kroner over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett til tiltaket. Det er Innovasjon Noreg som leier satsinga. Selskapet arbeider saman med næringslivet for å utvikle ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske grøne og berekraftige løysingar for økt eksport.

 

– Det grøne skiftet byr både på utfordringar og moglegheiter for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader for å ta ei leiarrolle innan teknologiutvikling for det grøne skiftet, seier Røe Isaksen.

Innovasjon Noreg sitt oppdrag inneber å setje i gong tiltak som skal sikre auka eksport, fleire samhandlingsarenaer, kommunikasjon og gjere Noreg til eit meir attraktivt land å investere i. Blant anna samarbeider Innovasjon Noreg med næringslivet og industrien om å utvikle ein digital matchingteneste som skal kople norske grøne og berekraftige løysingar med internasjonale moglegheiter.