Vil auke ramma for byggelånsgarantiordninga

Regjeringa foreslår å auke ramma for byggelånsgarantiordninga til 7 milliardar kroner. Auka ramme gjev verfta utvida moglegheiter til finansiering av nye skip.

Regjeringa foreslår å auke ramma for ordninga til Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) frå fem til sju milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett. Dette kjem etter at regjeringa har fylgt nøye med på kor mykje ramma har vore brukt. Omstilling ved verfta i Noreg etter offshorekrisa har gjeve auka etterspurnad for byggelån.

Regjeringa vil at Noreg skal være best på hav. Verftsindustrien er ein viktig del av den norske maritime klynga. Å halde fram med norsk skipsbygging er sjølvsagt del av denne målsettinga.

Dette gjer vi for å sikre aktivitet ved norske verft og arbeidsplassar i Noreg. Verfta i Noreg har bidrege sterkt til å halde innovasjonsevna oppe etter at ordreinngangen svikta etter oljeprisfallet. Eg ser det som særs viktig å oppretthalde dette nivået, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Norske verft har dei siste åra omstilt seg frå bygging av i hovudsak offshoreskip til ekspedisjonscruiseskip og andre passasjerskip, ferjer, fiskebåtar og skip til oppdrettsnæringa.

– Vi vil at norske verft skal kunne bygge fleire skip og fleire grøne skip. Ei samla maritim næring har spelt inn behov for å auke ramma for å få til dette. No høyrer vi på næringa og aukar ramma så fleire skip kan få byggelånsfinansiering med bistand frå GIEK, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

 

Fakta om ordninga

  • Byggelånsgarantiordninga til GIEK nyttast til å garantere for byggelån i samband med bygging eller ombygging av skip, fartøy og innretningar til havs.

  • Formålet er å sikre at norske skipsverft, offshoreverkstader og anna relevant verksemd oppnår byggelån gjennom risikoavlastning for private banker. På den måten skal ordninga medverke til auka aktivitet. Ordninga skal bidra til å gjere norske verft meir konkurransedyktige ved å gje lettare tilgang på finansiering.

  • Etterspurnaden etter byggelånsgarantiordninga har auka dei siste åra.

  • Byggelånsgarantiordninga bidreg til risikoavlasting for private banker. GIEK garanterer for inntil 50 prosent av det enkelte lån, på like vilkår. GIEK si rolle er å auke kapasiteten i finansmarknaden.

  • Byggelånsgarantiordninga til GIEK vart oppretta i 2005 med ei garantiramme på 2,5 milliardar kroner og trekkfullmakt på 200 millionar kroner. Ramma vart auka våren 2007 til 5 milliardar kroner. Trekkfullmakta vart auka til 400 millionar kroner i 2008 og til 600 millionar kroner i 2009. Regjeringa fekk i 2009 fullmakt av Stortinget til å sette ramma for byggelånsgarantiordninga til 8 milliardar kroner. Dåverande Nærings- og handelsdepartementet delegerte ei ramme for ordninga til 6,5 milliardar kroner vidare til GIEK. Ramma vart redusert til 5 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2012, og har vore på det nivået sidan. Trekkfullmakta har vore på 600 millionar kroner sidan 2009.

 

 

Til toppen