Historisk arkiv

Vil lage ein nasjonal plan for evaluering av forsking og høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Dei nasjonale evalueringane av forsking og høgare utdanning er nyttige. Dette er tilbameldinga frå både dei som driv forsking og høgare utdanning og andre aktørar. Samstundes er det behov for tydelegare føremål, betre koordinering og at det er meir føreseieleg. Dette kjem fram i ei ny kartlegging.

– Noreg som kunnskapssamfunn er avhengig av at både utdanning og forsking held høg kvalitet. Evalueringar er ei viktig kjelde til informasjon om korleis det står til med kvaliteten, både for oss styresmakter, institusjonane sjølve, studentar og dei som brukar forskinga. For at vi skal få god nytte av evalueringane, må dei ha høg kvalitet og dei må måle det vi ønskjer at dei skal måle. Derfor skal vi no lage eit nasjonalt rammeverk for dette, seier statssekretær Kunnskapsdepartementet, Aase Marte J. Horrigmo. 

Bakgrunnen er at det i dag er mange ulike aktørar som evaluerer og vurderer ulike aspekt ved forsking og utdanning, og at dei gjer det på mange ulike måtar og nivå. Resultatet er høgt rapporteringspress, men utan at ein får eit heildekkande bilete. Dette vil Kunnskapsdepartementet no rydde opp i og har derfor satt ned ei arbeidsgruppe.  

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Proba samfunnsanalyse kartlagt kva erfaringar ulike interessantar har med evaluering av kvaliteten. Dette har dei gjort ved å intervjue representantar frå Kunnskapsdepartementet, Forskningsrådet og NOKUT, samt eit utval av universitet og høgskular, forskingsinstitutt, departement, direktorat og helseforetak.  

Hovudfunna i kartlegginga er:  

  • Evalueringar blir oppfatta som arbeidskrevjande, men dei positive effektane av evalueringar vegar opp for belastinga. 
  • Forskningsrådet sine fagevalueringar blir vurderte som viktige og verdifulle, men mange etterlyser meir regelbundne og forutsigbare rammer.  
  • Høgare utdanning i Noreg har førebels ikkje vore gjenstand for så mykje evaluering av denne typen, så få respondentar hadde klare synspunkt på dette (Studiebarometeret vart trukke fram).  
  • Evalueringar blir nytta aktivt til politikkutforming, nasjonal og internasjonal samanlikning, kvalitetsutvikling og som kunnskapsgrunnlag for andre aktørar. 
  • Aktørane etterlyser meir føreseielege rammer (til dømes faste syklusar, og ein kjend og klar evalueringskalender), tydelegare koordinering og eit tydelegare fokus på kva som skal vere føremålet med evalueringar.  

– Det er svært bra at vi no får innsikt i kva dei som nytter desse evalueringane har behov for. Denne rapporten er eit viktig kunnskapsgrunnlag når vi no skal rydde opp i roller og oppgåver blant dei som evaluerer. Målet er å unngå dobbeltarbeid og at vi skal få mest mogleg ut av evalueringane, seier Horrigmo.  

Arbeidsgruppa som skal føreslå eit nasjonalt rammeverk for nasjonale evalueringar vert leia av Kunnskapsdepartemetnet og består av representantar frå Universitets- og høgskulerådet, Forskningsinstituttenes fellesarena, Norges forskingsråd, NOKUT, NSO og Olje- og energidepertementet. Gruppa skal levere rapporten sin til Kunnskapsdepartementet innan 1. februar 2021.