Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil skape fleire møteplassar for ungdommar

Regjeringa setter av 41,5 millionar kroner til norske storbyar, sånn at dei kan skape nye møteplassar for barn og unge. Pengane løyvast gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, med føremål om å utvikle tiltak som er med på å hindre barn og unge i å falle utanfor.

– Eg er utruleg glad for å sjå at byane ynskjer å styrke tilbodet av møteplassar for barn og ungdom ytterlegare. Desse storbymidlane vil føre til at barn og ungdom i byane får gode møteplassar og trygge arenaer når dei er saman, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn (Storbymidlane) er på om lag 41,5 millionar kroner i 2019. Om lag to tredjedelar av midlane er bunde opp av tilsegn gitt i 2017 og 2018. 

Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10 til 20 år med spesielle behov, særlege ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å betre oppvekst- og levekår for barn og ungdom. Tilskota skal bidra til etablering eller vidareutvikling av opne møteplassar i dei utvalde bykommunane/bydelane.

Med open møteplass meinast ein sosial arena der barn og ungdom frå alle sosiale lag kan møtast og delta på like vilkår. Møteplassen skal leggje til rette for inkludering, hindre utanforskap og gi tilbod til dei som ikkje går på fritidsaktivitetar.

Møteplassen er eit lågterskeltilbod, kor det ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar for deltakarane.

Det å kunne delta på fritidsaktivitetar er viktig for at barna skal føle seg inkludert og hindre utanforskap.

– Over 100.000 barn i Noreg veks i dag opp i familiar med låginntekt, og omfanget har vært aukande sida 2001. Fritidsaktivitetar speler ei utruleg viktig rolle i barnas liv, og det å ha trygge møteplassar med vaksne tillitspersonar kan ha stor betyding for barn og unge sin utvikling, seier Ropstad.

For perioden 2019 er følgjande høve vektlagt ved tildeling av tilskota:

  • Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn som står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremmar integrering.
  • Samarbeid mellom bykommunar og frivillig sektor. 
  • Den totale storleiken på tilskot til bykommunen gjennom ordninga.

Byane som er omfatta av ordninga er Oslo, Bergen, Trondheim, Kristiansand, Drammen, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden og Gjøvik.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar tilskotsordninga på vegner av Barne- og familiedepartementet.

Sjå kven som har fått tilskot i Bufdirs oversyn over tilskotsordninga.

Til toppen