Statssekretær Sveinung Rotevatn (V)


Født: 1987

Sveinung Rotevatn er statssekretær for justis-, beredskaps- og innvandringsministeren.

Sveinung Rotevatn blei utnemnd som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet 17. januar 2018. Han kom frå ei stilling som advokatfullmektig i Steenstrup Stordrange DA.

Rotevatn var representant for Sogn og Fjordane Venstre på Stortinget i perioden 2013-2017. Før dette var han leiar i Unge Venstre (2010–2013).

Rotevatn har hatt ei rekkje verv i Venstre, mellom anna som representant i Eid kommunestyre, medlem av sentralstyret og 1. nestleiar. Han har og vore styremedlem i fylkeslaget og økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre.

Til toppen