Et spesielt ansvar i Faryab-provinsen

I over sju år har Noreg hatt eit særleg ansvar i Faryab-provinsen i Nord-Afghanistan som leiar for stabiliseringslaget (Provincial Reconstruction Team-PRT) i provinshovudstaden Meymaneh. På det meste har det vore over 500 norske militære i Afghanistan. I alt har meir enn 9000 militære tenestegjort i landet. Ved PRT har det sidan 2005 også vore sivile representantar frå ambassaden i Kabul og eit politilag. Frå 1. oktober 2012 er PRT avvikla og Camp Meymaneh overlaten til afghanske tryggingsstyrkar.

I over sju år har Noreg hatt eit særleg ansvar i Faryab-provinsen i Nord-Afghanistan som leiar for stabiliseringslaget (Provincial Reconstruction Team-PRT) i provinshovudstaden Meymaneh. På det meste har det vore over 500 norske militære i Afghanistan. I alt har meir enn 9000 militære tenestegjort i landet. Ved PRT har det sidan 2005 også vore sivile representantar frå ambassaden i Kabul og eit politilag. Frå 1. oktober 2012 er PRT avvikla og Camp Meymaneh overlaten til afghanske tryggingsstyrkar. 

Fra Faryab-provinsen i Afghanistan
Fra Faryab-provinsen i Afghanistan (Utenriksdepartementet / Mathias Rongved)

Den militære innsatsen

Den internasjonale stabiliseringsstyrken, ISAF, skal avslutta oppdraget  i Afghanistan innan  utgangen av 2014. Stengjinga av det norsk-leia stabiliseringslaget (PRT, TSG-F) er ein lekk i denne strategien, transisjonsprosessen.  Det inneber at afghanske styresmakter tek over ansvaret for tryggleiken i landet. Dei norske sivile representantane har også avvikla verksemda.  No tek afghanarane sjølve over. I fleire år har Noreg vore med på å byggja opp og trena afghanske  tryggingsstyrkar. Den norske PRT-leiren er overlaten til afghanarane. Vurderinga i dag er at afghanarane no er i stand til å ha ansvar for tryggleiken i provinsen. 

Den sivile innsatsen

(Utenriksdepartementet / Mathias
Rongved)

Noreg har hatt ei heilskapeleg tilnærming til innsatsen i Faryab.  Vår stønad har gått til både sivile og militære føremål, og også til politiopplæring.  Ein har lagt vekt på at det skulle vera eit tydeleg skilje mellom sivile og militære aktørar og aktivitetar.  Dei sivile representantane har særleg arbeidd med sosial og økonomisk utvikling i provinsen. Noreg har finansiert ei rekkje utviklingsprosjekt, og resultata er synlege. 

Den sivile stønaden til Afghanistan utgjer no 750 millioner kroner årleg. Bistanden vil liggja på dette nivået til ut 2017. Faryab har vore særleg tilgodesett. Inntil 20% av midlane har vore øyremerkte provinsen, dei siste åra rundt 100 millionar kroner.  Målsetjinga er å vidareføra dette.  UD har hatt tre representantar på det meste i provinsen. I tillegg har det vore opp til 16 politifolk der. Dette er no avvikla, men utviklingsprosjekta vil verta vidareførte gjennom våre samarbeidspartnarar, afghanske program, FN og friviljuge organisasjonar  som Kirkens Nødhjelp  og Flyktningehjelpen.  Hovudinnsatsområda har vore  - og vil vera -  dei same som på nasjonalt nivå: Godt styresett, utdanning og landsbygdutvikling.

 

Resultat så langt

Dei siste ti åra har det vore markant framgang  i Faryab,  særleg på område som  utdanning, helse og infrastruktur. Døme på det er m.a. at det no går ein hovudveg av svært høg standard gjennom provinsen til regionsenteret Mazar-e Sharif.  Mange nye skular og skulehus er bygde, og her får eit veksande tal av både gutar og jenter grunnleggjande skulegang.  Meymaneh by og områda rundt har fått elektrisitet. Størstedelen av folket har no tilgang til eit grunnleggjande helsetilbod. Eit stort tal einskildpersonar og lokalsamfunn i provinsen har fått betra livsgrunnlag, ikkje minst gjennom norskfinansierte prosjekt for utvikling av landsbygda. I dei sentrale stroka av provinsen, og særleg i Meymaneh by, er det synlege utslag av kraftig økonomisk vekst- m.a. i form av nybygg og blømande handel, medan biletet nok er noko bleikare i avsidesliggjande område.