Historisk arkiv

Stortingsmelding om homofile og lesbiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Stortingsmelding nr. 25 tek klare verdistandpunkt: Lesbiske og homofile skal utan frykt kunne leve ut sin kjærleik, og møtast med likeverd og respekt. (09.03.01)

Pressemelding

Nr.: 01019
Dato: 09.03.01
Kontakt: Informasjonssekretariatet tlf: 22 24 24 07

Stortingsmeldinga om homofile og lesbiske:

Kunnskap, informasjon og inkludering

Stortingsmeldinga "Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg" tek klare verdistandpunkt: Lesbiske og homofile skal utan frykt for sanksjonar kunne leve ut sin kjærleik til personar av same kjønn. Dei skal like sjølvsagt møtast med likeverd og respekt. Derfor skal ikkje seksuell orientering hindre tilsetjing i vigsla stillingar i Den norske kyrkja.

Sosiale forandringar dei siste tiåra har ført til at viktige skilje har forsvunne mellom den heterofile og den homofile og lesbiske befolkninga. Eit større mangfald når det gjeld familiemønster og samliv generelt gjer det no lettare å leve som homofil eller lesbisk. Dette er ein viktig bodskap i stortingsmeldinga. Samtidig viser Regjeringa til at lesbiske og homofile er ei gruppe med ressursar og livserfaring som samfunnet kan lære av.

Informasjon

Trass i endringar i samfunnet, er det framleis stor kunnskapsmangel om situasjonen for lesbiske og homofile i Noreg. Det er derfor viktig å få kartlagt denne situasjonen betre og endre negative fordommar. Sjølv om holdningane til homofili har endra seg radikalt, opplever framleis mange lesbiske og homofile negative holdningar og usynliggjering. Meldinga peikar derfor på at det er stort behov for å informere om homofili og fremje openskap, ikkje minst i skolen og i arbeidslivet.

Inkludering

Prosessen fram mot å avklare eigen seksuell identitet kan vere vanskelig for unge lesbiske og homofile. Problem med sjølvaksept, redsle for ekskludering og fordommar kan føre til psykiske vanskar. Unge lesbiske og homofile har oftare psykiske vanskar og hyppigare sjølvmordsforsøk enn befolkninga elles. Somme har opplevd trakassering og vald fordi dei er synlige som lesbiske og homofile. Det er eit klart mål at homofil og lesbisk ungdom ikkje skal utsetjast for fordømmande holdningar. Dei skal kunne delta i ulike sosiale og kulturelle samanhengar på eigne premissar.

Viktige forslag

Her er dei viktigaste forslaga i stortingsmeldinga:

  • Oppheve unntaksreglane i arbeidsmiljølova § 55 A, slik at seksuell orientering ikkje skal hindre tilsetjing i Den norske kyrkja.
  • Det skal vurderast å endre straffelova § 232, slik at valdsverk som er motiverte ut frå den seksuelle orienteringa hos ein person, kan vere eit straffeskjerpande moment slik det eintydig står at rasistisk motiverte valdsverk kan vere.
  • Ny forsking på fleire område.
  • Informasjonstiltak retta mot foreldre, fritidsleiarar, kommunane, helse- og sosialarbeidarar, lærarar og familievernkontor.
  • Styrkje Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), slik at denne landsomfattande organisasjonen kan fungere som kunnskapsbank og "vaktbikkje" når det gjeld antidiskrimineringsarbeid, og bli eit senter for støtte til ungdomsarbeid retta mot homofile i distrikta.
  • Utvide tilbodet til rådgjevingstenesta for homofile og lesbiske i Oslo kommune, slik at tenesta også kan vere ein rettleiingsinstans for helsestellet.
  • Inkludere homofile sambuarar i det vidare arbeidet med utgreiinga "Samboerne og samfunnet."

Stortingsmelding nr. 25 - Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Faktaark