Historisk arkiv

Kortare tenestetid for sivile vernepliktige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa vedtok i dag at tenestetida for sivile vernepliktige skal setjast ned frå 14 til 13 månader, med verknad frå 1. januar 2004.(21.11)

Pressemelding

Nr.: 83 - 2003
Dato: 21.11.2003

Kortare tenestetid for sivile vernepliktige

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at tenestetida for sivile vernepliktige skal setjast ned frå 14 til 13 månader. Den nye tenestetida vil gjelde allereie frå 1. januar 2004. Dei sivile vernepliktige som har gjort 13 månader teneste eller meir, vil bli dimittert straks etter at reglane trer i kraft.

Tenestetida skal bidra til at dei som søkjer sivil verneplikt gjer dette av overtydingsgrunnar. Samtidig skal meirtenesta ikkje skal være så lang at den blir opplevd som urimeleg.

– Den nye tenestetida gir ein riktig balanse mellom desse to viktige omsyn, seier justisminister Odd Einar Dørum.

Justisminister Dørum ventar ikkje at reduksjonen i tenestetida vil verka inn på rekrutteringa til den militære førstegongstenesta.