Historisk arkiv

Meir midlar til handsaming av konkursbu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

– I mange bu har bubehandlinga vore heilt summarisk. Dette har minka muligheitene for at bustyret kan avdekke midlar som vert haldne unna og straffbare forhold i samband med konkursen, seier statsråd Dørum.(28.11)

Pressemelding

Nr.: 87 - 2003
Dato: 28.11.2003

Meir midlar til handsaming av konkursbu

Justisminister Odd Einar Dørumgjer framlegg om nye reglar for å skaffe meir midlar til handsaming av konkursbu. I dag vert bubehandlinga innstilt i omlag to tredjedelar av konkursbua fordi det ikkje finst midlar i buet til nødvendig bubehandling. Ein grundigare bubehandling kan føre til funn av meir midlar som kjem kreditorane til gode, og det gir betre moglegheiter for å avdekke økonomisk kriminalitet i verksemder som går konkurs.

Dei nye reglane inneber at konkursbuet skal ha lovfastsett pant i inntil fem prosent av verdien av alle dei pantsette eigedelane som skyldnaren eig. Dermed vil konkursbuet kunne ta ut inntil fem prosent av verdien, men berre dersom midlane trengst til bubehandling. Ein av grunnane til at mange bu vert innstilt, er at pantelova til no har opna for at storparten av skyldnaren sine eigedelar kan setjast i pant for heile verdien. I bu der nesten alt er pantsett, vert det lite att til bubehandling når panthavarane har tatt sitt.

– I mange bu har bubehandlinga vore heilt summarisk. Dette har minka muligheitene for at bustyret kan avdekke midlar som vert haldne unna og straffbare forhold i samband med konkursen, fortel justisminister Odd Einar Dørum.

Det vert også gjort framlegg om at det faste beløpet som må betalast av den som krev konkurs (rekvirenten) skal aukast frå kr. 20 000 til kr. 37 000, altså 50 gonger rettsgebyret. Rekvirenten vert belasta for beløpet dersom det ikkje finst andre midlar i buet. Beløpet har stått uendra på kr. 20 000 sida 1989. Denne auken vil særleg få mykje å seie for det offentlege, som er ansvarleg for beløpet i ca. 95 prosent av konkursbua.

Samstundes vert det foreslått ulike endringar som skal motverke planlagde konkursar. Til dømes skal eigedelar frå buet ikkje kunne seljast tilbake til konkursskyldnaren eller nærståande, utan at salet har vore kunngjort slik at andre kan by på eigedelane.

Framlegget frå justisministeren er eit av fleire for å motverke misleghald i konkurs, og for å betre forholda i konkursbua. Om kort tid kjem framlegg til endringar i straffelova sitt kapittel om brotsverk i gjeldsforhold. Endringane skal forenkle og effektivisere reglane, slik at det blir enklare å etterforske og få pådømt økonomiske lovbrot i samband med konkursar. Justisministeren tar òg sikte på å gjere framlegg om endringar i reglane om konkurskarantene, for å forbetre desse. Departementet arbeidar også med eit lovforslag for å rasjonalisera konkursbubehandlinga ved auka bruk av elektronisk kommunikasjon, og dermed spare kostnader for bua.