Historisk arkiv

Ikkje store endringar i arbeidstvistlova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har tatt omsyn til dei sterke innvendingane mange arbeidstakar- organisasjonar hadde mot nokre av innspela frå Utvalet for tarifforhandlings- systemet (Stabel-utvalet).

Pressemelding

Nr.: 15/2002
Dato: 15.03.2002

Ikkje store endringar i arbeidstvistlova

Regjeringa har tatt omsyn til dei sterke innvendingane mange arbeidstakarorganisasjonar hadde mot nokre av innspela frå Utvalet for tarifforhandlingssystemet (Stabel-utvalet) når den no legg fram forslag til korleis innstillinga skal følgjast opp. Det omstridde spørsmålet var om Riksmeklingsmannen skulle få høve til å bestemme at partane måtte sende eit meklingsforslag til uravstemming. Dette foreslår Regjeringa at ikkje følgjast opp.

- Endringar på dette området bør som hovudregel ha oppslutning frå partane. Derfor ønskjer Regjeringa ikkje å gå vidare med dette forslaget, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Nokre av dei andre forslaga frå utvalet meiner vi derimot at vi bør følgja opp. Regjeringa tar også opp igjen eit forslag om å gjøre om stillingane som formann og nestformann i Arbeidsretten frå åremål til faste stillingar, seier statsråden.

Regjeringa legg fram forslag om å endre føresegna om såkalla ”kopling” i arbeidstvistlova. Riksmeklingsmannen skal berre kunne telje avstemningsresultat for fleire fag eller tariffområde saman dersom partane i tvisten ikkje motset seg det.

Regjeringa foreslår òg nokre mindre endringar i lova, som i hovudsak vil vere ei lovfesting av praksisen til meklingsinstitusjonen.

Rikslønnsnemnda, som vanlegvis trer saman når ein arbeidskonflikt blir stansa med tvungen lønnsnemnd, har etter dei gjeldande føresegna sju medlemmar. Regjeringa er samd med utvalet i at nemnda skal få styrka sin kompetanse og foreslår at Rikslønnsnemnda skal ha ni medlemmar. Partane i den konkrete tvisten vil få peike ut to medlemmar kvar, ein med stemmerett og ein rådgjevar.

Formannen og nestformannen i Arbeidsretten er domarar i heiltidsstilling oppnemnde for ein periode på tre år. Av omsyn til prinsippet om uavhengige domstolar foreslår Regjeringa å gjere desse domarane til embetsmenn, som domarane i dei ordinære domstolane. Stabel-utvalet drøfter ikkje dette spørsmålet, men eit framlegg om omgjering av domarstillingane var ute på høyring sommaren 2000.

Regjeringa foreslår at endringane i lovverket skal gjelde frå 1. januar neste år.