Historisk arkiv

2 milliardar meir til skuleanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 244/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

2 milliardar meir til skuleanlegg

Regjeringa gjer framlegg om å auke investeringsramma for skuleanlegg med 2 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2006.

– Framlegget vil gjere det mogleg for kommunane å halde oppe det høge engasjementet for skuleanlegga, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Fram til 2005 stilte regjeringa ei investeringsramme på til saman 10 milliardar kroner til disposisjon for kommunane og fylkeskommunane. To tredelar av heile investeringsramma er med dette teken i bruk i løpet av dei første fire åra av den femårige ordninga.

Kommunane gjer god bruk av ordninga, og alle midlar som staten har løyvt så langt, er nytta fullt ut.

– Eg er nøgd med at ordninga er så godt brukt, slik at skuleanlegga i landet kan rustast opp der det trengst, og slik at nye anlegg kan byggjast der kommunane har behov for det, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Heile 391 kommunar og fylkeskommunar har søkt om støtte. Husbanken har registrert 1240 prosjekt i 1. halvår 2005.

  • Husbanken forvaltar ordninga med rehabilitering, opprusting og tilrettelegging av eksisterande skuleanlegg

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.