Historisk arkiv

Sterk satsing på ByggSøk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 250/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Sterk satsing på ByggSøk

Det blir ei sterk satsing på ByggSøk neste år. Målet er at 80 kommunar skal tilby full elektronisk behandling av byggjesaker.

– Ved at fleire tek i bruk ByggSøk, vil prosessen i plan- og byggjesaker bli enklare både for brukarane og for kommunane. Enklare og raskare behandling gir reduserte kostnader og reduserer tidsbruken for alle partar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

ByggSøk er eit offentleg system for elektronisk kommunikasjon i plan- og byggjesaker. Målet er auka produktivitet og større effektivitet i plan- og byggjesaksprosessen. Det er eit mål for 2006 at kvar fjerde byggjesak skal bli utforma i ByggSøk, og at 80 kommunar skal tilby full elektronisk behandling av byggjesaker. I dag ligg det til rette for at 30 prosent av befolkninga kan sende inn og følgje si byggjesak via Internett.

Kommunar som har begynt å bruke ByggSøk, har opplevd å få god medverknad frå byggjenæringa. På denne måten blir det skapt ein sjølvforsterkande effekt og eit miljø som veks innanfor ByggSøk. Enkelte kommunar tilbyr òg redusert gebyr når søknaden blir send elektronisk via ByggSøk.

Frå 1. januar 2005 blei det mogleg å sende inn arealplanar elektronisk for godkjenning gjennom ByggSøk, og dei første kommunane er no i stand til å ta imot slike søknader.

– ByggSøk er eit sentralt prosjekt i regjeringa sitt moderniseringsarbeid, avsluttar Erna Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.