Historisk arkiv

Forslag til ny lov om endring av kommune- og fylkesgrenser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Lova i seg sjølv skal ikkje føre til endringar i den kommunale inndelinga, men skal vere eit effektivt verktøy når slike saker oppstår, seier kommunalminister Sylvia Brustad.

Pressemelding

Nr.: 31/2001
Dato: 02.03.2001

Forslag til ny lov om endring av kommune- og fylkesgrenser

Regjeringa fremjar forslag til ei ny lov om prosedyrar ved endring og fastsetjing av kommune- og fylkesgrenser. Gjeldande lov er frå 1956.

- Lova i seg sjølv skal ikkje føre til endringar i den kommunale inndelinga, men skal vere eit effektivt verktøy når slike saker oppstår, seier kommunalminister Sylvia Brustad.

Lova gir utførlege reglar for saksbehandlinga hos statlege og lokale styresmakter når grensespørsmål kjem på bordet. Det inneber at det blir lettare for dei involverte partane å vite på førehand kva som skal skje. Det blir til dømes lovfesta kven som kan ta initiativ til saker. Det blir vidare klargjort kva saker regjeringa kan avgjere og når saker må leggjast fram for Stortinget. Saker om samanslåing av kommunar der ikkje alle involverte kommunar ønskjer samanslåing, skal framleis avgjerast av Stortinget. Det same gjeld samanslåing av fylke.

Det blir føreslått lovfesta at kommunar og fylke som slår seg saman skal få dekt delar av eingongskostnadene i samband med samanslåingsprosessen. Det skal òg kompenserast for bortfall av rammetilskot frå staten i ein overgangsperiode.

Lova vil i hovudtrekk føre vidare reglane om verknader for skatteplikt, lokale forskrifter og vedtekter m.m. Det same gjeld reglane om økonomisk oppgjer i samband med samanslåing og grensejustering. Ei nyskaping er at kommunar eller fylkeskommunar som slår seg saman, blir pålagt å opprette ei fellesnemnd til å samordne og førebu samanslåinga.