Historisk arkiv

Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane - bygd på vedtak i 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Om diskrimineringslova
Lov av 3. juni 2005 nr. 33 om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringslova) tredde i kraft frå 1. januar 2006. Lova blir handheva av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemda. Ombodet og nemnda skal òg handheve anna diskrimineringslovverk; likestillingslova, diskrimineringsvernet i arbeidsmiljølova og forboda mot diskriminering i bustadlovgjevinga. Dette fellesapparatet er regulert i lov av 10. juni 2005 nr. 34, som òg tredde i kraft 1. januar 2006.

Lovdata

Om seremoni ved statsborgarskap
Frå september 2006 skal det innførast ei frivillig seremoni til dei som får norsk statsborgarskap etter søknad. Ein seremoni skal vere ei verdig markering for nye borgarar. Det skal markerast at dei har blitt nye borgarar med dei rettane og pliktane dette inneber. Det er fylkesmennene som vil få ansvaret for å arrangere seremoniane. IMDi vil utarbeide ei rettleiing for fylkesmennene for gjennomføringa av seremonien.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet


Barne- og likestillingsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Kommunal internkontroll i barnevernstenesta
Med verknad frå 1. januar 2006 skal kommunane ha internkontroll i høve til barnevernlova si § 2-1, 2. ledd jf. forskrift av 14. desember 2005 nr. 1584 om internkontroll for kommunanes oppgåver etter lov om barnevernstenester

Lovdata


Fiskeri- og kystdepartementet

Sak

Styringsdokument

Regelverk i hamneforvaltninga
Revisjon av ”Forskrift om sikerhet og terrorberedskap i norske havner”. Implementering i § 5 av ”Europaparlamentets- og rådsforordning (EF) nr 725/2004 av 31. mars 2004 om styrket sikring av skip og havneanlegg”, 18 februar 2005 nr. 144

Lovdata sjå òg Kystverket


Helse- og omsorgsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Nasjonale mål
Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskott for 2006

IS-1/2006

Turnuslegar og -fysioterapeutar
Turnuslegar og turnusfysioterapeutar kan i 2006 søke Statens autorisasjonskontor (SAFH) om tilskot til reise- og flytteutgifter etter distrikts- og rekrutteringsomsyn.

IS-20/2005 Tilskot til reise og flytting for turnuslegar og turnusfysioterapeutar 2006

Turnustenesta for leger er regulert i forskrift 2001-12-20 nr. 1548 Forskrift om praktisk teneste for å få autorisasjon som lege. Sosial- og helsedirektoratet har utarbeida nytt rundskriv IS-9/2005 som erstattar tidlegare rundskrik IK-17/98

IS-9/2005 Turnustenesta for leger

Rundskriv frå Sosial- og helsdirektoratet om endringar i legedirektivet. Det krev tre år med vegleia teneste for legar som skal praktisera sjølvstendig for trygda sin rekning.

IS-18/2005

Opptrappingsplanen for psykisk helse
Rapportering og skjema mv. når det gjeld kommunane sin bruk av øremerka midler over Opptrappingsplanen for psykisk helse

IS-24/2005 Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008

Legionellatiltak
Sosial- og helsedirektoratet har fatta vedtak om å unnta alle dusjanlegg frå meldeplikta etter §§4 og 5 i midlertidig forskrift om tiltak for å hindre overføring av Legionella

IS-16/2005 Midlertidig forskrift om tiltak for hindre Legionella via aerosol – unntaksbestemmelser for dusjanlegg

Til erstatning for midlertidig forskrift om tiltak for å hindre overføring av smittestoffer frå kjøleanlegg med kjøletårn eller liknande innretning av 27.5.2005 nr. 47 fastsette Sosial- og helsedirektoratet den 12.7.2005 midlertidig forskrift om tiltak for å hindre overføring av Legionella via aerosol. Rundskriva IS-13/2005 og IS-16/2005 (over) gir nærmare informasjon om dette

IS-13/2005

Ressurskrevjande brukarar
Årets innrapportering av ressurskrevjande brukarar i kommunane er noe endra ved at tallene skal være kontrollert av revisor før dei sendes Sosial- og helsedirektoratet.

IS-7/2005 Rapportering om ressurskrevjande brukare – tilskotsordning [03.03.2005]

Flodbølgjekatastrofa i Søraust-Asia Rundskrivet til kommunale instansar og fastlegar er utarbeidet i samband med flodbølgjekatastrofa i Søraust-Asia, og gjev Sosial- og helsedirektoratets anbefalingar for oppfølging av berørte av denne katastrofa. Skrivet er ein del av direktoratets arbeid med å utarbeide nasjonale retningslinjer for kriser, ulykker og katastrofar som vil bli gitt ut i 2006.

IS-4/2005 Oppfølging i kommunane av personar som har vært berørt av ulykker og katastrofar [01.03.2005]

Alkohollova
Rundskrivet inneheld informasjon om dei reglane som vart endra då lov- og forskriftsrevisjonen vert sett i verk 1. juli 2006

Rundskriv IS-12/2005 Om endringar i alkoholloven og tilhørande forskrifter.

Rettleiaren inneheld informasjon om kommunane si plikt til å føra intern-kontroll etter alkohollova. Plikta gjeld frå 1. januar 2006

Rettleiar IS-1337 Internkontroll etter alkoholloven - for sals- og skjenkesteder

Rettleiande mal for kommunal rusmiddelpolitisk handlingsplan

Ikkje tilgjengeleg p.t.

Brukarstyrt personleg assistanse
Brukarstyrt personlig assistanse (BPA) skal også kunne anvendes for personar som ikkje kan ivareta brukarstyringa sjølv. Mellom anna personar med psykisk utviklingshemming og familiar med barn med nedsett funksjonsevne kan få tenester organisert som BPA. Dette er ein utviding av målgruppa i forhold til føremålet med ordninga da ho blei regulert i lov om sosiale tenester i 2000, jf. rundskriv I-20/2000.

Rundskriv I-15/2005 Brukarstyrt personlig assistanse (BPA) — utviding av målgruppa

Landsbystiftelsen
Forskrift om oppheving av forskrift om Landsbystiftelsen er sett i verk frå 1.1.2006. Rundskriv 1-21/2006 gjev bakgrunn for opphevinga og dei reglane som no gjeld.

Rundskriv I-21/2006

Individbasert omsorgsstatistikk
Forskrift av 17.2. 2006 nr. 204 om pseudonymt register for individbasert omsorgsstatistikk gjeld med verknad frå 1.3. 2006. Registeret gjev pålegg til kommunane om å rapportere inn opplysningar om brukarane av pleie- og omsorgstenesta. Registeret er heimla i Helseregisterlova § 8.

Lovdata


Kommunal- og regionaldepartementet

Sak

Styringsdokument

På veg til eigen bustad
Arbeidet med strategien På veg til eigen bustad held fram i 2007. Fylkesmannen skal stimulere kommunane til strategiar som minkar bruk av førebelse bustadtilbod, jf. Soria Moria-erklæringa om å avvikle hospits og tilbyde varig bustad i staden.

Kommunal- og regionaldepartementet

Utbyggingsavtaler
Lov og forskrift om utbyggingsavtalar vil etter planen tre i kraft 1. juli 2006. Stortinget vedtok å lovregulere utbyggingsavtaler i april 2005. Samstudes blei det avgjort at det skulle lagast ei forskrift som forbyr private bidrag til sosial infrastruktur mellom anna til skular, barnehagar og sjukeheimar.
I god tid før dei nye reglane trer i kraft vil regjeringa gje ut ein rettleiar. Rettleiaren blir laga i samarbeid med kommunar og utbyggjarar og vil dreie seg om avgrensingar og tilrådingar for korleis partane bør innrette seg før og under avtaleforhandlingane. Rettleiaren vil også ta føre seg kva avtalene kan innehalde.

Kommunal- og regionaldepartementet

Rentekompensasjon til kyrkjebygg – statsbudsjettet kap 582 post 61
Det primære siktemålet med ordninga er å sikre og bevare kyrkjebygg, utsmykkinga av kyrkjene og inventaret i kyrkjene. I sitt vedtak til statsbudsjett for 2006 utvida Stortinget siktemålet til også å omfatte nybygg og utviding av eksisterande kyrkjebygg. Alle bygningsarbeid på kyrkjebygg går no inn under ordninga. Freda og verneverdige bygg skal likevel ha prioritet. Forskrifta for ordninga og Husbanken sine søknadsskjema vil bli endra i tråd med det utvida siktemålet. Endringane vil bli lagt ut på Husbanken sine heimesider straks dei er klare.

Husbanken

Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar – stasbudsjettet kap 586
Forskrifta om tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blei endra i desember 2005. Ny § 5 nr. 1, 1.ledd i forskrifta: "Tilskott som nemnt i § 3 punkt 1 utbetalas av Husbanken når kommunen kan dokumentere at omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er ferdigstilt innan utløpet av 2007. Der særskilte forhold gjør det nødvendig kan det søkes om utbetaling i 2007 til tross for manglande ferdigstilling. Det kan gis inntil 6 månaders utsetting av ferdigstillingen."

For å få utsetjing må det fremjast søknad til Husbanken. Husbanken vil fastsetje ein søknadsfrist, og denne er venta å bli rundt 1. november 2007.

Departementet vil understreke at hovudregelen framleis er at byggja skal gjerast ferdige innan utgangen av 2007. Når tilleggstida er avgrensa til 6 månader krev dette at bygget i hovudsak er ferdig, men det kan tolererast at nokre arbeid ikkje er heilt sluttførd. Kommunane må underbyggje at arbeida vil bli sluttført i løpet av kort tid.

Forskrifta inneheld også ein ny § 8, som seier at tilskotet kan stansast, reduserast eller krevjast betalt attende til staten om føresetnadene for tilskotet ikkje er oppfylt.

Lovdata

 

Ny låneordning frå Husbanken –  Grunnlån
I juli 2005 innførte Husbanken ei ny låneordning - grunnlånet. Formålet med grunnlånet er å fremje god kvalitet i nye og eksisterande bustader, skaffe bustader til vanskelegstilte og husstandar i etableringsfasen og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta. For å få husbanklån må bustadprosjekta i utgangspunktet oppfylle kvalitetskriterium knytte til universell utforming og miljø og god byggjeskikk. Dersom bustadprosjekta har desse kvalitetane, kan Husbanken gje lån på inntil 80 % av prosjektkostnadene eller salsprisen. Grunnlån vil bli gitt til både større utbyggingsprosjekt og oppføring av enkeltbustader.

Husbanken


Kunnskapsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Endring i forskrifta til barnehagelova
Den 24. juni 2005 blei det gjort ei endring i forskrifta til barnehagelova om likeverdig handsaming av barnehagar i høve til offentlege tilskot. Endringa tredde i kraft den 1. august 2005. Det blei sendt eige brev om dette til fylkesmennene frå Barne- og familiedepartementet.

Lovdata

 

Endring i opplæringslova og friskolelova
Diverse endringer i opplæringslova og friskolelova

Rundskriv F-08-05
Rundskriv F-07-05
Rundskriv F-06-05

Rundskriv F-05-05 Informasjon om forskriftsendringer i form av timetallsøkning på 1.-4. årstrinn f.o.m. skoleåret 2005-06 og om fremdrift når det gjelder overgangsregler for reformen Kunnskapsløftet

Rundskriv F-05-05

Rundskriv F-04-05 Nye avtaler for øvingslærarar

Rundskriv F-04-05

Rundskriv F-03-05 Om adgang for kommunane til å søkje om å kunne ta i bruk nye læreplanar og ny fag- og timefordeling for grunnskolen f.o.m. opplæringsåret 2005-06

Rundskriv F-03-05

Rundskriv F-02-05 KRL-faget og uttalelse fra FNs Menneskerettskomité om brudd på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettigheter – skolenes oppfølging

Rundskriv F-02-05

Rundskriv F-01-05 Vidaregåande opplæring – Eksamens- og prøveavgifter for privatistar og praksiskandidatar i 2005

Rundskriv F-01-05

Tilskott til barnehagar
Rundskriv Q-23/2005 Investeringstilskott til nye barnehageplassar i 2005

Rundskriv Q-23/2005

Rundskriv Q-16/2005 Statstilskott til nye barnehagar – nye tilskottssatsar for 2005 m.v.

Rundskriv Q-16/2005

Rundskriv Q-02/2005 Statstilskott for drift av barnehagar

Rundskriv Q-02/2005


Landbruks- og matdepartementet

Sak

Styringsdokument

Styrking av jordvernet
Regjeringa vil styrke jordvernet. Statens landbruksforvaltning (SLF) er difor gitt høve til å fremje motsegn mot kommunale arealplanar etter Plan- og byggingslova i saker der fylkesmannen har tilrådd bruk av motsegn og fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer opp.

Lovdata

Kommunalt ansvar for dyrehelsetenesta
Regjeringa legger opp til at Ot.prp. om endringar i dyrehelsepersonellova vil bli fremja hausten 2006. Forslag om lovendringar er på høyring.

Landbruks- og matdepartementet

Tillegg til strategien Landbruk – meir enn landbruk
Regjeringa vil at investeringsverkemidla i landbruket skal fordelast på fleire og på ein slik måte at dei bidrar til ein variert bedriftskultur. Departementet har difor utarbeidd eit tillegg til strategien for næringsutvikling i samband med landbruket.

Landbruks- og matdepartementet


Miljøverndepartementet

Sak

Styringsdokument

Nytt  avlaupsregelverk
Nytt heilskapeleg avlaupsregelverk vart fastsett den 15. september 2005. Ny del 4 om avlaup og ny del 4A om kommunale vass- og avlaupsgebyr erstattar tidlegare del 4 om avlaup. I det nye regelverket blir det mellom anna innførd standardiserte reinsekrav med meldesystem og ei ny myndigheitsdeling mellom stat og kommune basert på grensene i EU sitt avlaupsdirektiv.
  

Lovdata

Endring av reglar om spreiingstidspunkt for husdyrgjødsel på eng
Med verknad frå 26. august 2005 vart det gjort endringar i forskrift om spreiing av gjødselvarer mv., kap. 7 §23 Spredetidspunkt. Endringa gjer kommunane større fridom når det gjeld å bestemme spreiedata for gjødselvarer på eng. Endringa gjeld ikkje kommunar som ligg innafor nedbørsfeltet som drenerer til kyststrekninga svenskegrensa-Lindesnes.

Vilkåret for å tillate ein seinare frist for spreiing utan nedmolding/nedfelling enn tidlegare, er at dei klimatiske tilhøva i kommunen og vasskvaliteten i kommunen sine vassdrag tillet dette.

Lovdata

Tilskotsordninga innan rovdyrforvaltinga Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Miljøverndepartementet kap. 1427 post 73, har Stortinget vedteke at kommunar kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak i rovdyrforvaltinga. Midlane blir kanalisert gjennom dei åtte regionale rovdyrnemndene. Målet med ordninga er å sikre effektive førebyggjande tiltak for å avgrense rovviltskadar på husdyr og tamrein. I tillegg skal ordninga nyttast til å dempe konfliktar, særleg kring bjørn og ulv i lokalsamfunna. Tiltak i kommunane skal medverke til å auke kunnskapen om rovvilt og rovviltforvaltinga. Tiltak retta mot barn og unge skal prioriterast.

Rundskriv T-1/05 Tilskotsordningar for 2006