Historisk arkiv

Auka innsats for nyskaping og vekst i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 254/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Auka innsats for nyskaping og vekst i heile landet

– Regjeringa legg vekt på ein regionalpolitikk som omfattar heile landet, og som skal medverke til auka verdiskaping og ei balansert utvikling i busetnaden i dei ulike landsdelane, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. – Ein stabil og ansvarleg økonomisk politikk er særleg viktig for sysselsetjinga og busetnaden i distrikta, seier ho.

I dei siste åra har regjeringa desentralisert regional- og distriktspolitiske midlar frå staten til fylkeskommunane.

– Vi har lagt vekt på å styrkje fylkeskommunen som regional uviklingsaktør, og har samstundes medverka til å forenkle offentleg sektor, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Regjeringa har såleis overført ansvaret for store delar av dei regionalpolitiske verkemidla og den regionale partnarskapen til fylkeskommunane.

Etter budsjettomlegginga forvaltar fylka store utviklingsmidlar i forpliktande partnarskap med regionale og lokale aktørar. Omlegginga er også gjord som ledd i ei forenkling og modernisering av offentleg sektor, og har ført til at detaljstyringa frå departementet er kraftig redusert.

Fylka med næringslivet i førarsetet fekk frå og med 2004 hovudansvaret for å prioritere bruken av dei næringsretta utviklingsmidlane. Midlane er ein del av kompensasjonen etter omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. – Det har vore viktig for regjeringa å føre tilbake dei auka avgiftsinntektene til dei regionane omlegginga fekk verknader for. Regjeringa vil halde fram med kompenserande ordningar tilsvarande avgiftsauken, seier Solberg.

Det som i første rekkje sikrar livskraftige samfunn og busetnad i heile landet, er konkurransedyktige bedrifter. Regjeringa har betra rammevilkåra for næringslivet. – Regjeringa har gjennom ein ansvarleg økonomisk politikk medverka til låg rente og ein stabil valutakurs, understrekar Solberg. – Ein sunn og stabil økonomisk politikk er særleg viktig for næringslivet i distrikta, for mykje av den eksportretta industrien ligg der, seier ho.

Gjennom ei rad konkrete tiltak har regjeringa vist at innovasjon og nyskaping er ein føresetnad for eit vekstkraftig næringsliv og trygge arbeidsplassar over heile landet. Auka fokus på innovasjon og kompetanseoverføring har vore sentrale føresetnader for etableringa av Innovasjon Noreg og for omorganiseringa av Noregs forskingsråd. – Regjeringa har arbeidd heilskapleg og planmessig med innovasjon i ei rad ulike sektorar. Dette er dokumentert gjennom Tilstandsrapporten for regjeringa sin innovasjonpolitikk, understrekar Erna Solberg. – Næringsretta forsking er blitt kraftig stimulert gjennom mellom anna Skattefunn, og skal stimulerast endå meir gjennom Norwegian Centers of Expertise. Entreprenørskap er blitt utvikla i utdanningssystemet og i dei ulike inkubatormiljøa i store delar av landet. Regjeringa har fokusert på å utløyse lokale og regionale ressursar, avsluttar ho.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.