Historisk arkiv

Enklare reglar for arbeidsinnvandring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har i dag vedteke endringar i utlendingsforskrifta som gjer det enklare for arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området å få arbeid i Noreg.

Pressemelding

Nr.: 181/2001
Dato: 23.11.2001

Enklare reglar for arbeidsinnvandring

Regjeringa har i dag vedteke endringar i utlendingsforskrifta som gjer det enklare for arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området å få arbeid i Noreg. Reglane tek til å gjelde frå 1. januar 2002.

- Noreg treng arbeidsinnvandring for å sikre verdiskapinga i samfunnet og for å løyse mange viktige samfunnsoppgåver, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

- Arbeidstakarar frå utlandet skal sjølvsagt ikkje fortrengje den innanlandske arbeidskrafta. Vi er dessutan bundne av EØS-avtala, som krev at ledige stillingar må lysast ut i heile EØS-området før dei kan bli fylte av personar frå tredjeland. Å opne for at arbeidskraft kan bli henta frå land utanfor EØS-området skal heller ikkje innebere at arbeidsgivarar får billigare arbeidskraft, avsluttar Solberg.

Dei nye reglane gjeld:

  • Visum for arbeidssøkjarar som er spesialistar.
  • Enklare vilkår for å få mellombels arbeidsløyve.
  • Ein årleg kvote med arbeidsløyve for spesialistar. Kvoten skal gjere saksbehandlinga enklare, slik at det kan gå raskare for arbeidsgivarar som treng ein spesialist, å få vedkommande i arbeid.
  • Nokre av utanriksstasjonane får fullmakt til å gi arbeidsløyve.

Stortinget vedtok i juni i år endringar i utlendingslova som inneber at spesialistar og sesongarbeidarar kan søkje om arbeidsløyve medan dei oppheld seg i Noreg. Også desse reglane trer i kraft 1. januar 2002.

Regjeringa vil om kort tid også leggje fram forslag om å endre utlendingslova, med sikte på at arbeidsgivarar skal kunne søkje om arbeidsløyve på vegne av ein arbeidstakar.