Historisk arkiv

Etablering av utreisesenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 232/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Etablering av utreisesenter

Regjeringa ønskjer å bruke Buskerud sivilforsvarsleir i Lier kommune til utreisesenter. Regjeringa føreslår å løyve 15 millionar kroner i 2006 til drift av utreisesenteret. I tillegg føreslår regjeringa å løyve 16 millionar til investeringar på ein eigen investeringspost som også kan overførast til året etter. For å få fortgang i etableringa av utreisesenteret har regjeringa nettopp fremja ein eigen stortingsproposisjon der ein ber Stortinget om lov til å pådra staten forpliktingar i 2005 på opptil 16 millionar kroner.

Utreisesenteret skal vere eit butilbod for personar som har fått endeleg avslag på søknad om asyl, og som ikkje reiser heim frivillig. Slike personar misser i dag butilbodet i ordinære asylmottak. Kommunal- og regionaldepartementet har gitt Utlendingsdirektoratet (UDI) i oppdrag å etablere eit utreisesenter i år. I revidert nasjonalbudsjett for 2005 blei det løyvt 4 millionar kroner til etablering og drift av eit slikt utreisesenter. Eit utreisesenter vil vere dyrare å drive enn eit ordinært asylmottak eller transittmottak, ettersom ein må ha eit noko høgare tryggingsnivå enn ein har ved mottak. Vidare skal det vere kantine, døgnbemanning og eigne helsetenester på staden.

Ein har ønskt at utreisesenteret blir plassert i nærleiken av Oslo Lufthamn Gardermoen og i nærleiken av Politiets utlendingsenhet, som er ansvarleg for uttransportering. Samstundes har det ikkje vore ønskjeleg å plassere senteret midt i eit buområde. Etter ei vurdering av ulike alternativ har utlendingsstyresmaktene kome fram til at Buskerud sivilforsvarsleir er den staden som høver best for lokalisering av utreisesenteret. Leiren blei nytta som transittmottak for asylsøkjarar fram til 31. august i år.

Utreisesenteret skal vere eit ope og frivillig tilbod om tak over hovudet og enkel forpleiing. Det skal også givast informasjon retta inn mot retur. Målgruppa for utreisesenteret vil vere vaksne personar utan barn. Einslege mindreårige, barnefamiliar, personar som samarbeider med IOM om retur, og andre særskilde grupper, til dømes personar med alvorlege sjukdomar, skal framleis kunne bu i ordinære asylmottak fram til utreise.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.