Historisk arkiv

Betre vilkår for kommunar som buset flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 239/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Betre vilkår for kommunar som buset flyktningar

Regjeringa vil auke integreringstilskotet også i 2006. Vidare vil regjeringa styrkje ordninga med tilskot ved busetjing av personar med kjende funksjonshemmingar. Frå 2006 vil det òg bli innført ei ordning med supplerande stønad for personar over 67 år som har budd kort tid i Noreg.

– Desse tiltaka vil gjere det lettare å nå målet om raskare busetjing, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Alle flyktningar skal vere busette innan seks månader etter at dei har fått opphald i Noreg, einslege mindreårige innan tre månader etter vedtak om opphald.

Kommunane får eit integreringstilskot over fem år som skal dekkje dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar. For 2006 vil regjeringa auke tilskotet for femårsperioden til 450 000 kroner for vaksne og 430 000 kroner for barn. Det er ein auke på om lag 17 000 kroner frå 2005 og ein auke på 49 000 kroner frå 2004.

Ved busetjing av flyktningar med kjende funksjonshemmingar kan kommunane få ekstra tilskot. Regjeringa føreslår at ordninga blir forenkla slik at ein får separate tilskot i staden for tre tilskot som byggjer på kvarandre. Det minste eingongstilskotet på
140 000 kroner blir halde ved lag, medan det største tilskotet blir auka til 700 000 kroner kvart år i opptil fem år.

– Regjeringa vil også endre ordninga slik at det kan givast tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlige åtferdsproblem, sjølv om dei ikkje har ein medisinsk diagnose, seier Erna Solberg.

– Etter framlegg frå regjeringa har Stortinget vedteke ei ny stønadsordning for eldre som har budd kort tid i Noreg. Den nye ordninga, som skal sikre eldre innvandrarar og andre med liten eller ingen alderspensjon frå folketrygda ei minsteinntekt, blir innført frå 2006. Ordninga vil avlaste kommunane for utgifter til sosialhjelp og gjere det enklare å busetje eldre frå asylmottaka. Det er eit viktig poeng at den nye stønaden sikrar at eldre som har budd kort tid i Noreg, ikkje blir varige mottakarar av sosialhjelp, avsluttar Erna Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.