Historisk arkiv

Ny giv for nynorsk språkbruk i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 207/01
Dato: 21.12.2001
Kontaktperson: Avd.dir. Stein Sægrov, Kulturavd., tlf. 22 24 80 26

Ny giv for nynorsk språkbruk i staten

Regjeringa varslar ein ny giv for nynorsk målbruk i staten. I stortingsmeldinga som passerte statsråd fredag, er det lagt opp til eit treårig satsingsprosjekt. Siktemålet er at alle statsorgan skal oppfylla kravet om minst 25 pst. av kvar målform. Gjennomsnittleg nynorskbruk i departementa har dei fire siste åra variert frå knapt 15 pst. til 25 pst. avhengig av dokumenttype og reknemåte. Utanfor departementa er variasjonane større. Det er snart 15 år sidan kravet om minst 25 pst. av kvar målform vart forskriftsfesta.

- Staten kan ikkje halda fram med å visa så liten respekt for eigne lover og reglar som mange statsorgan framleis gjer, seier kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Formålet med kravet om minst 25 pst. er jo at nynorsk skal vera godt synleg i staten. Slik får vi ei viss motvekt til den sterke bokmålsdominansen i samfunnet elles. Dette gjer sitt til å tryggja og styrkja nynorsken sin posisjon både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål.

- Nynorsk og bokmål må i dag oppfattast som to delar i ein nasjonal felleskultur, og det ville vera eit stort tap dersom den eine av desse berebjelkane skulle bli svekkja. Difor er dette ei viktig kulturpolitisk sak, som også er forankra i Sem-erklæringa, seier kulturministeren.

I meldinga blir det foreslått å skipa ei språkkonsulentteneste knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Det blir elles varsla at regjeringa vil koma tilbake til andre språkpolitiske spørsmål i ei seinare generell kulturmelding.