Historisk arkiv

Vilt og vakkert fjordlandskap verna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Eit av dei mest spektakulære fjordområde i verda blei verna i statsråd i dag. Nærøyfjorden landskapsvernområde representerer eit samanhengjande og kontrastfylt landskap som strekkjer seg frå fjorden til fjelltoppar på opptil 1700 meters høgde. (08.11.02)

Pressemelding

Dato: 08.11.02

Vilt og vakkert fjordlandskap verna

Eit av dei mest spektakulære fjordområde i verda blei verna i statsråd i dag. Nærøyfjorden landskapsvernområde representerer eit samanhengjande og kontrastfylt landskap som strekkjer seg frå fjorden til fjelltoppar på opptil 1700 meters høgde.

Bård Løken /NN/ Samfoto
© Bård Løken /NN/ Samfoto - Fjord og fjell. Fjordlandskap i Nærøyfjorden, Sognefjorden.. Sogn og Fjordane.

Nærøyfjorden landskapsvernområde er det sjette vernevedtaket i gjennomføringa av landsplan for nye nasjonalparkar og andre større verneområde, og det første i ei rekkje av norske verdfulle fjordlandskap i landsplanen.

- Ikkje nokon annan stad finn vi eit fjordlandskap som synleggjer eit slikt samspel mellom vill, dramatisk natur og kulturpåverknad. Dette har gjeve landskapet store opplevingsverdiar. Nærøyfjorden er spesiell også i internasjonal samanheng. Det er årsaka til at fjorden og områda rundt i 1996 blei foreslått av Nordisk Ministerråd til å kome med på UNESCO si prestisjefylte verdsarvliste (World Heritage List).

– Dette er eit signal om at vi óg har ei internasjonal forplikting til å ta vare på området, seier miljøvernminister Børge Brende.

Med dette er ca 9.5 prosent av Noreg sitt fastlandsareal verna. Noreg er dermed kome eit viktig skritt vidare mot målsettinga om å verne om lag 13 prosent av fastlandsarealet innan år 2010. Det 570 kvadratkilometer store området ligg i Aurland og Vik kommunar i Sogn og Fjordane og Voss kommune i Hordaland. Det er særeigne landskapskvalitetar og stor variasjon med omsyn til landskapsform og geologi, planteliv, dyreliv og kulturhistorie som er årsaka til at Nærøyfjorden er verna. Nærøyfjorden er viktig for reiselivsnæringa. Vernevedtaket i dag vil kunne sikre kvaliteten på området også for framtida.

– Vernestatusen kan og føre til at enda fleire turistar kjem til området, noko som vil kunne auke lokal verdiskaping og føre til viktig bærekraftig næringsutvikling, seier miljøvernministeren.

Gjennom samarbeid er det funne fram til løysningar som gjer det mogleg å utnyttje førekomstane av bergarten anorthositt som er påvist i store mengder inne i verneområdet. Utvinning vil kunne tillatast gjennom underjordisk drift, og med inngang frå utsida av verneområdet.

Nærøyfjorden landskapsvernområde
Nærøyfjorden landskapsvernområde

Kontaktperson: Geir Paulsen tlf. 22244837