Historisk arkiv

Frafjordheiane landskapsvernområde i Rogaland og Vest-Agder er oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

I statsråd i dag er Frafjordheiane landskapsvernområde og dei to nye naturreservata Migaren og Ørestø, oppretta. Saman med verneområdet i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane har Rogaland og Vest-Agder no fått eit samanhengande verneområde frå fjord til høghei på rundt 2766 kvadratkilometer. (19.12.03)

Pressemelding

Dato: 19.12.03

Miljøvernminister Børge Brende:

- Frafjordheiane landskapsvernområde i Rogaland og Vest-Agder er oppretta

Blåfjellenden, FrafjordheianeI statsråd i dag er Frafjordheiane landskapsvernområde og dei to nye naturreservata Migaren og Ørestø, oppretta.

Saman med verneområdet i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane har Rogaland og Vest-Agder no fått eit samanhengande verneområde frå fjord til høghei på rundt 2766 kvadratkilometer.

– Dei nye verneområda i Rogaland og Vest-Agder grenser opp mot det tidlegare etablerte landskapsvernområdet i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, og blir det største landskapsvernområde i Rogaland. Vernet er viktig for å ta vare på eit variert naturområde som mange brukar til friluftsliv og som ligg i yttergrensa for villreinområdet i denne delen av landet, seier miljøvernminister Børge Brende.

Det nye landskapsvernområdet og naturreservata dekkjer til saman eit areal i underkant av 420 kvadratkilometer. Saman med det eksisterande landskapsvernområde Setesdal - Vesthei Ryfylkeheiane, blir det altså eit samanhengande verneområde i denne sørvestlege delen av landet på omlag 2766 kvadratkilometer.

Styva eik, FrafjordheianeBratte fjellsider med ur og skog gir området kontrastar. Her frå Ørestø naturreservat der eika er dominerande.

Frafjordheiane landskapsvernområde ligg mellom Lysefjorden og Frafjorden og strekkjer seg austover inn i heiområda vest for Setesdalen. Det er eit vakkert og kontrastprega landskap med djupt nedskorne dalar som stig gradvis mot høgheia i aust.

I naturreservata som grenser inn mot landskapsvernområdet i sørvest ved Migaren og Ørestø, er det stor naturrikdom. Her finn vi mellom anna rik edellauvskog med styvingstre. Naturreservata er viktige referanseområde for forsking.

Dei viktigaste verneverdiane er knytt til variasjonen og kontrastane som pregar landskapet.

Dalar med stadvis frodig og relativt mangfaldig vegetasjon, lausmasseformasjonar frå istida, eit særprega, variert kulturlandskap med stølar og tufter og kontrastane mot fjorden og høgheilandskapet innafor, gir området sitt særpreg.

Månafossen, FrafjordheianeMånafossen er den største fossen i Rogaland - og ein stor attraksjon for turistane.

Området er og ein del av yttergrensa for leveområda for villreinstammen i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Tradisjonelt friluftsliv står sentralt, og det er merka ruter og turisthytter i området. Turisme og reiseliv er elles knytt til Kjerag med basehopping, samt Månafossen som er ein av dei viktigaste turistattraksjonane i Rogaland.

Lokalsamfunnet sin tradisjonelle bruk kan halde fram, da det ikkje er lagt vesentlege restriksjonar på landbruk, jakt og fiske.

Vernevedtaket er ei oppfølging av Nasjonalparkplanen som blei handsama av Stortinget for 10 år sidan.

Mer informasjon:

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Harald Ruberg 22 24 58 90
Rådgjevar Ingunn Iversen 22 24 58 61

Alle foto: Fylkesmannen i Rogaland

Kart over verneplan for Frafjordheiane

Kart over Frafjordheiane