Historisk arkiv

Framtida for vasskrafta i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 44/01
Dato: 06.04.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Framtida for vasskrafta i Noreg

-Vasskrafta har spela ei viktig rolle i utviklinga av landet. For framtida er det rimeleg å ta endå meir omsyn til urørd natur når det gjeld nye vasskraftprosjekt. Samstundes er det òg viktig å halda ved like og utvikla dei anlegga som allereie er utbygd. Me må difor vera varsame med tiltak som kan svekkja grunnlaget for den kraftproduksjonen me allereie har, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Olje- og energidepartementet legg i dag fram ei stortingsmelding om framtida for vasskrafta - St.meld. nr. 37 (2000-2001). Regjeringa meiner at nytta av nye, store vasskraftutbyggingar må vurderast nøye opp mot ulempene ved vidare inngrep i urørd natur. Det er framleis att mange mindre vasskraftsprosjekt, saman med prosjekt i allereie utbygde vassdrag, som kan gje eit vesentleg bidrag til meir fornybar elproduksjon. Regjeringa vil seia ja til opprusting- og utvidingsprosjekt som ikkje er til særleg skade for urørd natur.

Vasskrafta er ein særs verdifull ressurs som me må ta godt vare på. Verdiane i eksisterande anlegg må difor utviklast på ein tenleg måte. Ved revisjon og fornyingssaker vil styresmaktene leggja stor vekt på ikkje å svekkja eksisterande produksjonsgrunnlag.

Meldinga omtalar handsaminga av vasskraftsaker. Regjeringa går inn for ei meir effektiv sakshandsaming av vasskraftsaker. Mellom anna skal styresmaktene sjå på tilhøvet mellom kommunal planlegging og sakshandsaming etter vassdragslovgivinga. Prosessen i høve til Samla Plan er i dag tidkrevjande og lite føremålstenleg. Det er difor naudsynt med ei vesentleg omlegging av Samla Plan for vassdrag – frå eit prosjektorientert plansystem til ein vassdragsbasert ressursoversikt. Samstundes skal ein supplera Verneplanen for vassdrag.