Historisk arkiv

Ein svikt i nedbøren dei næraste åra kan få alvorlege konsekvensar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 45/01
Dato: 06.04.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Ein svikt i nedbøren dei næraste åra kan få alvorlege konsekvensar

Perspektiva for utviklinga i kraftbalansen vert gjennomgått i eit eige kapittel i Stortingsmelding nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen. Det vert særleg lagt vekt på å drøfta risikoen for og konsekvensane av eit tørrår, det vil seia år med svikt i vasskraftproduksjonen som følgje av lite nedbør og dermed lågt tilsig til vasskraftverka.

Elektrisiteten har ei langt meir dominerande rolle i energiforsyninga i Noreg enn i andre land. Mellom anna har me ein kraftkrevjande industri, og i tillegg vert elektrisitet nytta i langt større grad til oppvarming.

I Noreg står vasskrafta for nær all elektrisitetsproduksjon. Frå år til år er det svært stor variasjon i nedbøren, og dermed tilsiget til vasskraftverka, jf. figur 1. Den dominerande rolla til vasskrafta gjer dermed at den norske elproduksjonen varierer mykje frå år til år, jf. figur 2.

Trass i ein rekordstor produksjon av elektrisitet i 2000, har det i mange år vore liten kapasitetsauke i elforsyninga. Samstundes med den låge tilveksten i produksjonskapasiteten, har veksten i bruken av elektrisitet halde fram, jf. figur 3. Frå 1990 til 2000 auka den årlege bruken av elektrisitet med 18,0 TWh, mens veksten i produksjonskapasitet i same periode berre var 3,9 TWh.

Utviklinga gjennom dei seinare åra har ført til at energiforsyninga har vorte meir sårbar for tørrår. Det ser dessutan ut til at evna til å meistra ein svikt i elproduksjonen vil verta dårlegare dei næraste åra. Utbyggingstida i kraftsektoren er lang, og dei prosjekta som vil verta fullførte i åra framover vil gi liten produksjonstilvekst. Samstundes er det grunn til å rekna med at veksten i elektrisitetsbruken vil halda fram trass i stor satsing på tiltak knytta til energiøkonomisering. Ei framskriving av utviklinga i energibruken som er lagt fram i Langtidsprogrammet 2002-2005 viser at brutto innanlands bruk i 2005 vil kunne utgjera 131 TWh i eit normalår, medan innanlands produksjon berre vil koma opp i 121 TWh. Behovet for import vil då vera på heile 10 TWh.

Om Noreg får eit alvorleg tørrår i løpet av dei næraste åra, kan produksjonen verta 15-20 TWh lågare enn i eit normalår. Eit slikt tørrår vil isolert sett tilseia eit importbehov på opp til 25 - 30 TWh, noko som ikkje kan realiserast med den overføringskapasiteten ein har i dag.

Eit alvorleg tørrår vil på denne bakgrunn truleg føra til ei rask tilstramming i bruken av elektrisitet innanfor ein nokså kort periode. Ein må i ein slik situasjon rekna med ein kraftig prisauke på elektrisitet. Prisauken kan komma brått. Marknadstilhøva kan i tillegg vera ustabile og prisane kan svinga sterkt. I ein alvorleg tørrårssituasjon kan ein òg risikera rasjonering. Eit tørrår kan difor gi alvorlege konsekvensar med manglande produksjon og dermed verknader for velferda.

Det er viktig å innsjå at ein ikkje kan gjera mykje med kraftbalansen for å dempa konsekvensane av ein svikt i nedbøren dei næraste åra. Til det er vasskrafta for dominerande som energikjelde samstundes som tida ein treng for å få fram nye prosjekt og vesentleg endra forbruksmønster, er for lang.

For å betra tryggleiken i elforsyninga vil Regjeringa

  • leggja til rette for bygging av gasskraftverk
  • ta i bruk naturgass innanlands til energiføremål
  • styrkja og effektivisera arbeidet med omleggjing av energibruk og energiproduksjon
  • gjera sakshandsaming for nye vasskraftprosjekt enklare
  • sikra at kraftmarknaden fungerer godt

Til slutt i kapitlet vert det, med utgangspunkt i hovudelementa i Regjeringa sin energipolitikk, presentert ei framskriving av energibruken kor ein etterkvart får til ei utvikling i energimarknaden som er balansert og mogleg å halda oppe. Sentrale føresetnader i framskrivinga er at det vert bygd gasskraftverk innan 2010, ei avgrensa utbygging av vasskraft, utbygging av 3 TWh vindkraft og 4 TWh meir vassboren varme innan 2010 og framleis omfattande satsing på energiøkonomiseringstiltak. I framskrivingane er det vidare lagt til grunn store næringsomstillingar og reduksjon i bruk av elektrisitet i industrien som følgje av at Kyoto-protokollen vert gjennomført og at prisen på elektrisitet aukar.

Figur 1 Berekna tilsig til vasskraftverka 1930-1999

Figur 2 Årleg produksjon av elektrisitet i Noreg

Figur 3 Utviklinga i kraftbalansen mot 2005

Figur 4 Illustrasjon av mogleg forbruk og variasjon i kraftproduksjonen i 2005