Historisk arkiv

Norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Fredag la olje- og energiministeren fram stortingsmeldinga om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar. (06.08.04)

Pressemelding

Nr.: 89/04
Dato: 06.08.2004

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet

- Regjeringa arbeider for å innføre ein pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet i samarbeid med Sverige. Dette støttesystemet vil leggje føringar for energipolitikken i mange år framover. Eg er opptatt av at ordninga skal vere med på å sikre ei god utnytting av dei fornybare energiressursane og fremje verdiskaping i Noreg, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey.

Fredag la olje- og energiministeren fram stortingsmeldinga om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar. I meldinga orienterer regjeringa om arbeidet med å etablere ein felles svensk-norsk sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet og legg rammene for det vidare arbeidet.

Ein sertifikatmarknad er eit tiltak for å stimulere til auka bruk av fornybar elektrisitet. Produsentar av fornybar elektrisitet får sertifikat etter kor mykje dei produserer. Forbrukarar av elektrisitet blir pålagde å kjøpe sertifikat i høve til forbruket. Produsentane vil dermed få ei inntekt frå sal av sertifikat i tillegg til inntekta frå sal av straum. Ekstrainntekta frå sertifikat kan gjere det lønsamt å byggje ny kraft­produksjon.

Departementet planlegger å leggje fram eit lovforslag om ein pliktig elsertifikatmarknad våren 2005 med sikte på at ein felles marknad med Sverige kan starte opp 1. januar 2006.