Historisk arkiv

Styrking av den finansielle handlefridomen for Statkraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 20/01
Dato: 02.03.01

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Styrking av den finansielle handlefridomen for Statkraft

Olje- og energidepartementet legg i dag fram ein stortingsproposisjon med forslag om å tilføra Statkraft SF 6 milliardar kroner i innskotskapital. I tillegg ber departementet om fullmakt til å auka låne- og garantiramma med inntil 10 mrd. kroner.

Olje- og energiminister Olav Akselsen peikar på at Statkraft gjennom 1990-åra har gjennomgått ei svært velluyka endring frå forvaltningsbedrift til eit veldrive og fokusert forretningsmessig selskap, som kan auka verdiskapinga ved å delta aktivt i omstruktureringa av næringa.

-Med den aukande internasjonale konkurransen er det viktig at norske kraftselskap gjer seg gjeldande, noko eit sterkare Statkraft kan bidra til. Det er rett av eigaren å gi Statkraft den fridomen til investering som dei no ber om, seier statsråd Akselsen.

Det pågår no ei omfattande omstrukturering av kraftnæringa i Europa. I Noreg sel kommunar og fylkeskommunar ut eigardelar i kraftselskapa. I den norske kraftnæringa vart det i 1999 og 2000 føreteke over 100 fusjonar og sal av eigardelar, med ein samla verdi på 70 mrd. kroner. Denne utviklinga er venta å fortsetta. Samanlikna med andre land er den norske kraftnæringa prega av mange små selskap med oppstykka eigarstruktur og svært avgrensa investeringsevne. Større aktørar har betre utgangspunkt for å henta ut stordriftsfordelar, byggja opp ny kompetanse, driva produktutvikling og å gjennomføra langsiktige, kapitalkrevjande og risikofylte investeringar. Med raske endringar i marknaden er finansiell handlefridom ein viktig konkurransefaktor.

Statkraft ynskjer å spela ei aktiv rolle i omstruktureringa av kraftnæringa, og har lagt fram ein strategi som inneber investeringar på om lag 55 mrd. kroner i perioden 2001-2007. Gjennom denne perioden ynskjer Statkraft å dobla produksjonskapasiteten i Noreg, hovudsakleg gjennom oppkjøp, men og ved investeringar i ny produksjonskapasitet. Føretaket vil då rå over 15-20 pst. av produksjonskapasiteten i den felles nordiske kraftmarknaden.

Statkraft er lite samanlikna med andre europeiske selskap, og føretaket kan ikkje gjennomføra strategien dersom den finansielle stillinga ikkje vert styrka. Statkraft har difor bede Olje- og energidepartementet om å få tilført meir eigenkapital og at låne- og garantiramma vert auka.

Link til St.prp. nr. 51 (2000-2001)
Om tilføring av innskotskapital og auka låne- og garantiramme for Statkraft SF

Link til rapport (rapporten ligger i PDF format)
Vurdering av forslag til utvidelse av foretakskapital og låne- og garantirammer for statkraft SF