Historisk arkiv

Riksveg 661: Ny bru over Straumen i Skodje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 24/02
Dato: 22.03.02

Riksveg 661: Ny bru over Straumen i Skodje

Ny bru over Straumen, på riksveg 661 i Skodje kommune i Møre og Romsdal, kan stå ferdig innan utgangen av 2004. Heile prosjektet, som også omfattar anna vegutbetring i området, er rekna å koste om lag 225 millionar kroner. Omkring halvparten av kostnadene skal finansierast ved løyvingar over statsbudsjettet, medan resten skal dekkjast ved hjelp av bompengar. Etter planen skal byggje- og anleggsarbeidet ta til tidleg i 2003, går det fram av eit forslag frå regjeringa.

- Med ny bru over Straumen i Skodje vil folk og næringsliv i området få eit betre transporttilbod. Dette vil igjen gi betre vilkår for utvikling av ein felles bustad- og arbeidsmarknadsregion. I tillegg vil vegprosjektet føre til tryggare trafikk og mindre miljøulemper frå vegtrafikken, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Den nye brua over Straumen kjem i staden for den noverande Skodjebrua som i lang tid har vore i så dårleg stand at det er innført restriksjonar for trafikken over brua. Tungtrafikken, medrekna rutebussane, må derfor køyre gjennom Skodje sentrum. For lastebil- og busstrafikken mellom Ålesund og områda nord for den noverande Skodjebrua fører dette til at køyrelengda blir auka med om lag ei mil. I tillegg til å påføre trafikantane ekstra køyring, fører dette også til at Skodje sentrum får meir gjennomgangstrafikk.

I forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, blir det vist til at vegprosjektet er delt inn i desse fire byggjetrinna:

  • Byggjetrinn 1 omfattar den om lag 290 meter lange brua over Straumen, Straumsbrua, med tilførselsvegar til eksisterande veg og 800 meter ny veg på nordsida av brua. Den nye bru skal etter planen vere ferdig i 2004.
  • Byggjetrinn 2 gjeld utbetring av ei strekning på om lag 1,5 kilometer mellom Straumsbrua og krysset mellom E39 (Kyststamvegen) og E 136 på Digernesskiftet, medrekna nytt vegkryss og bygging av 400 meter tunnel med tilførselsvegar.
  • Byggjetrinn 3 omfattar utbetring av dei eksisterande bruene, som er av stor historisk verdi. Bruene skal setjast i stand på ein slik måte at dei kan nyttast til gang- og sykkeltrafikk.
  • Byggjetrinn 4 omfattar utbetring av miljøet i Skodje sentrum, mellom anna trafikkreduserande tiltak for å unngå ulemper frå trafikken.

Det er lagt til grunn at innkrevjinga av bompengar skal ta til når brua er ferdig, etter planane i 2004.

I forslaget frå regjeringa blir det vist til at det frå lokale styresmakter ligg føre vedtak der ein sluttar seg til planane for utbygging og finansiering av vegprosjektet, medrekna opplegg for innkrevjing av bompengar. Slike vedtak er komne frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå dei fire kommunane Skodje, Haram, Ålesund og Sandøy.


Til redaksjonen

For fleire opplysningar og kartskisse, sjå Klikk her for å gå direkte til St.prp.nr. 50.(2001-2002) ”Om løvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område”.