Historisk arkiv

Vegutbygging: Regjeringa opnar for alternativ bruk av ferjetilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/2002
Dato: 07.05.02

Vegutbygging: Regjeringa opnar for alternativ bruk av ferjetilskot

Samferdselsdepartement tilrår at innsparte statlege kostnader over ferjebudsjettet kan brukast til å gjennomføre utbygging av vegsamband som erstattar tidlegare ferjesamband.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag om ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område. Forslaget vart lagt fram i statsråd i dag.

- Den ordninga som no blir tilrådd har som mål å medverke til at ein langs kysten får gjennomført samferdselsprosjekt med høg nytte for trafikantar, næringsliv og samfunn, seier samferdelsminister Torild Skogsholm.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at budsjetteringa skal ta utgangspunkt i dei netto innsparte drifts-, vedlikehalds- og kapitalkostnadene etter ferjerokeringar. Staten løyver årleg store beløp over statsbudsjettet til drift av ferjesamband på riksvegnettet. Dersom eit fast vegsamband blir bygd som erstatning for ferjesamband, vil ein spare driftskostnader (personautgifter, drivstoff m.m) knytte til sambandet. Innsparing av kapitalkostnader må sjåast i forhold til behovet for å kunne rokere ferjer mellom ferjesamand, slik at det er dei eldste ferjene med låge kapitalkostnader som vert tatt ut av ferjedrifta. Netto innsparing av kapitalkostnader kan difor ventast å vere liten med det store behovet det i dag er for å fornye ferjeflåten.

Dersom det er mogeleg å byggje eit fast vegsamband til erstatning for eit ferjesamband berre gjennom innsparte statlege ferjekostnader, eventuelt kombinert med bompengar og økonomiske bidrag frå lokale styresmakter/ næringsliv, tilrår Samferdselsdepartementet at vegsambandet blir realisert på denne måten.

Dersom det er behov for statlege bidrag ut over dette, tilrår departementet at ein også her kan ta i bruk det innsparte tilskotet som del av finaniseringa, men at ein i slike tilfelle må føresetje at ytterlegare statlege bidrag vert prioriterte på vanleg måte gjennom handlingsprogram og budsjetthandsaming.

I begge tilfelle er det frå departementet føresett at lokale styresmakter og/ eller bompengeselskap forskoterer staten sine framtidige innsparingar, med ein tidshorisont på 15 år. Dei nærare retningslinjene for slik alternativ bruk av ferjetilskot er gitt i St. prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område.

For meir informasjon, sjå St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område