Historisk arkiv

BaneTele AS: Nærings- og handelsdepartementet overtar forvaltninga av eigarskap til aksjar og ansvar for statslån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Forvaltninga av eigarskapen til aksjane i BaneTele AS er frå 20. desember i år overført frå Jernbaneverket til Nærings- og handelsdepartementet, går det fram av vedtak i statsråd i dag. (20.12.02)

Pressemelding

Nr.: 157/2002
Dato: 20.12.02

BaneTele AS: Nærings- og handelsdepartementet overtar forvaltninga av eigarskap til aksjar og ansvar for statslån

Forvaltninga av eigarskapen til aksjane i BaneTele AS er frå 20. desember i år overført frå Jernbaneverket til Nærings- og handelsdepartementet. Frå samme dag blir ansvaret for eit statslån på 209,495 millionar kroner til BaneTele AS overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet, går det fram av vedtak i statsråd i dag.