Historisk arkiv

Noreg underteiknar ei avtale om endring av protokoll 3 i Avtala mellom EFTA-statane om oppretting av eit organ for overvaking og ein domstol av 27. november 1992

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal underteikne ei avtale om endring av protokoll 3 i Avtala mellom EFTA-statane om oppretting av eit organ for overvaking og ein domstol av 27. desember 1992.

Pressemelding

Nr.: 142/01
Dato: 31.08.2001

Noreg underteiknar ei avtale om endring av protokoll 3 i Avtala mellom EFTA-statane om oppretting av eit organ for overvaking og ein domstol av 27. november 1992

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal underteikne ei avtale om endring av protokoll 3 i Avtala mellom EFTA-statane om oppretting av eit organ for overvaking og ein domstol av 27. desember 1992.

Føremålet med avtala er å gjennomføre Rådsforordning 659/99/EØF (prosedyreforordninga) som fastset nærmare reglar for bruken av statsstøtte i EØS-avtala.

Avtala inneheld ei presisering av kompetansen til organet for overvaking i EFTA og detaljerte prosedyrereglar for offentleg støtte. Regelverket er i stor grad ei kodifisering av tidlegare ikkje-bindande retningsliner som var vedtekne av Kommisjonen og organet for overvaking i EFTA. Prosedyrereglane reflekterer også i stor grad gjeldande praksis til organet for overvaking, EF-domstolen og EFTA-domstolen. Reglane skal mellom anna gjere kontrollen av ordninga for statsstøtte meir effektiv, til dømes ved kontrollvitjingar i dei einskilde føretaka. Dei nye prosedyrereglane endrar ikkje kva tiltak det kan gjevast statsstøtte til.